Meir nedtur for Stressless
FÆRRE SETE: Redusert etterspørsel betyr reduserte produksjon. Ekornes sel færre Stressless stolar og sofaer. 
Nytt

Meir nedtur for Stressless

186 færre Stressless-sete kvar dag.

03.12.2019
I årets ni første månader har driftsinntektene frå Stressless-stolar og -sofaer falle med sju prosent samanlikna med dei første ni månadane i 2018. Fallet i første halvår held fram i tredje kvartal, skriv Ekornes QM Holding i kvartalsrapporten.

Redusert sal betyr mindre arbeid i fabrikkane. Talet på Stressless sofa- og stolsete har gått ned frå 1439 om dagen i gjennomsnitt i årets ni første månader i 2018 til 1253 seter om dagen i same periode i 2019.
Det er spesielt i sør- og mellom-Europa og i USA at Stressless-salet går ned.
Stressless-møblane sto for 76 prosent av driftsinntektene dei ni første månadane av 2019.
På pluss-sida for Ekornes er eit rekordkvartal for IMG-møblane og eit driftsoverskot for madrassprodusenten Svane i tredje kvartal.

Meir motor

Dei siste åra har Ekornes tapt terreng til konkurrentar som lagar stolar og sofaer med innbygd motor, der brukarane slepp å bruke muskelkraft om dei vil lene seg bakover eller folde ut ein innebygd fotskammel.
Svaret for Ekornes er å utvikle eigne motoriserte møblar, som i løpet av dei siste månadane er lasert i marknaden.

Tøff konkurranse

I Europa er konkurransen prege at stor priskonkurranse og kampanjesal, medan Ekornes ser teikn til mindre kjøpevilje i USA i samband med signla om avtakande økonomiske vekst.
Samanlikna med dei første ni månadane i 2018 fall driftsinntektene til Ekornes med 3,6 prosent i årets ni første månader.
Målet til konsernet er ein årleg vekst på tre til fem prosent.


Publisert: 03.12.2019 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46