Meir ombygging og reparasjon
LEIRVIK: Havyard-verftet i Leirvik har levert 13 elferjer i løpet av 2,5 år. Den siste 50-bilarsferja skal gå på ferjesambandet Kvanne-Rykkje på Nordmøre.
Nytt

Meir ombygging og reparasjon

Havyard-verft leverte batteriferje nummer 13 i løpet av berre 2,5 år.

07.08.2020
Etter å hatt eit svært hektisk nybyggingsprogram, satsar Havyard på at verftet i Leirvik skal gjere meir av ombyggingar og reparasjonar.
- Vi har gjort dette også før, men siste åra har vi ikkje kunne prioritert ombyggingar og reparasjonar så høgt ettersom vi har hatt fullt opp med nybygg.
Det seier salsdirektør Lars Conradi Andersen ved New Havyard Ship Technology.
Etter ein periode med økonomiske problem og reforhandlingar av gjeld, seier Conradi Andersen at fokuset no er å få lønsemd i prosjekta.
- Ja,, og har fokus på lønsemd i det pågåande omstillingsarbeidet.

13 ferjer på 2,5 år

Han opplyser at det er rundt 170 tilsette ved verftet, og at det vert fullt trøkk vidare framover ved verftet.
Dei verftstilsette leverte i dag batteriferje nummer 13 i løpet av berre 2,5 år.
- Vi har etter kvart bygd opp ein solid kompetanse på bygging av energieffektive ferjer, samt spesialfartøy til offshore vind og laksefrakt, seier Conradi Andersen.
I tillegg til den store serien med ferjer har verftet i same perioden bygd om tre ferjer frå fossildrift til batteridrift.

Seks nybygg

Selskapet har no sikra finansiering for å gjere ferdig nybygga som ligg i ordreboka etter at ein i mai i år overførde kontraktane i gamle
Utover hausten er arbeidsstokken i full sving med utrustning og ferdiggjering av tre brønnbåtar til Norsk Fisketransport og tre vindmølleskip til danske Esvagt.
- Levering av siste skip er planlagt til sommaren 2021, og vi er avhengig av å fylle opp ordreboka etter det, seier Conradi Andersen.
Han seier at det er litt aktivitet rundt nybygg, men at mange aktørar er forsiktige på grunn av koronasituasjonen.
- Det er ikkje heilt stopp, men vi ser at prosessane tar lenger tid enn før.

- Viktig kompetanse

I ei pressemelding frå selskapet seier verftsdirektør i New Havyard Ship Technology, Erlend Hatleberg, at den rekordstore serien av ferjer saman med ombyggingsoppdraga har gitt verftet ei erfaring og kompetanse på batteriferjer som ingen andre verft har.
- Det gjer oss rusta til å ta imot både og gamle nye kundar som vil byggje om og fornye fartøy til fornybar energi eller byggje nye lav- eller nullutsleppsfartøy.
Han har god tru på omlegginga til å satse meir på å tilby reparasjon og ombygging av skip, i tillegg til nybygg.
- Vi har over hundre års erfaring som skipsbyggjarar. Det er kunnskap vi no vil bruke også til reparasjon og ombyggingsoppdrag innan alle segment og type skip.
Vi kan ikkje halde fram med å tape pengar, og har fokus på lønsemd i det pågåande omstillingsarbeidet

Publisert: 07.08.2020 15:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00