Meir pressa marginar hos Drevik
Omsetninga for fiskeeksportør i Ålesund framleis på eit høgt nivå i fjor – men innteninga gjekk ned.
Drevik International leverte eit rekneskap for 2019 som viser at inntektene har stabilisert seg på det same høge nivået dei har hatt dei siste åra.
Lønnsemda gjekk ned
Ålesund-selskapet har auka inntektene kraftig siste fem åra, og omsette for kring 325 millionar i 2018 og 2019 (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil). Det er dei høgaste tala sidan før finanskrisa slo til kring 2007.
Også lønnsemda har peika opp etter 2016, men i fjor gjekk det nedover att. Utviklinga med meir press på marginane, er noko store delar bransjen også har opplevd. Dei blei likevel rom for eit utbytte på 1,5 millionar etter fjoråret.
Avtale med russiske trålarar
Selskapet driv i første rekke med import og eksport av frose og salta torsk, saman med klippfisk. Dei har salsavtalar med dei to russiske fabrikktrålarane «Yagry» og «Arkhangelsk».
Fiskeriselskapet med adresse i Storgata 4 i Ålesund sentrum, hadde tre årsverk i fjor. Bedrifta blei starta på midten av 1990-talet. Eigar og dagleg leiar Ole Johan Drevik vil ikkje kommentere resultatet til NETT NO.
Les også: Armar og bein for å få laksen ut
Drevik International | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2019 | 2018 | |
Driftsinntekter | 324 | 326 |
Driftsresultat | 5,4 | 7,3 |
Res. før skatt | 4,9 | 5,9 |
Publisert: 18.03.2020 08:32
Sist oppdatert: 16.06.2021 10:30