Meir sal med automatisk butikk
OPNING: Dei tilsette var nøgd då dei kunne ønske velkomen til den «nye» butikken. Volda-ordførar Sølvi Dimmen (midten t.h.) klippa snora saman med driftssjef Fredrik Iversen i Coop Nordvest (t.v.) og Atle Stalheim fra Merkurprogrammet i oktober. 
Nytt

Meir sal med automatisk butikk

Suksess for den første heilautomatiske daglegvaren på Nordvestlandet. – Tilbakemeldingane frå kundane har vore gode, fortel driftssjef i Coop Nordvest.

Marius Rosbach
05.02.2021
I oktober i fjor blei Coop Marked Folkestad den første butikken på norske bygder som tok i bruk heilautomatiske løysingar. Grepet ga med ein gong utslag i auka omsetning.
– Vi hadde ein auke i omsetning etter oppstart av sjølvbetent opningstid på 19,3 prosent frå slutten av oktober og ut året, fortel driftssjef Fredrik Iversen i Coop Nordvest til NETT NO.

Låser seg inn sjølv

Tidlegare stengte butikken klokka 18, men no kan kundane få tak på matvarer heilt fram til klokka 23.
Det heile skjer ved at kundane låser seg inn ved bruk av ein app på mobiltelefonen, vel varene dei vil ha, og betalar i ei sjølvbetent kasse – før dei skannar seg ut av butikken.
– Vi er nøgde med korleis det har fungert, og tilbakemeldingane frå kundane har vore gode. Dei ser på dette som ein positiv tilleggsdimensjon ved nærbutikken sin, seier Iversen.

Nasjonalt pilotprosjekt

Folkestad-butikken i Volda er med eit nasjonalt pilotprosjekt i regi av Merkur, der nærbutikkar får støtte til å utvide opningstidene.
Åtte butikkar frå ulike kjeder er med, og Coop Folkestad er den einaste på Nordvestlandet.
Også andre butikkeigarar i prosjektet har fortald om auka omsetning med automatisering, og ein betydeleg del av handelen skjer på kveldstid.

Sterk vekst på Vegsund

På Sunnmøre og i Nordfjord har Coop Nordvest nær 50 butikkar i ulike bransjar – og dei fleste er daglegvarer.
NETT NO kunne tysdag fortelje at det blei i 2020. Driftssjef Fredrik Iversen har ansvaret for dei minste butikkane i konsernet, og fortel at dei fleste hadde eit særs godt fjorår.
I hans portefølje er det Marked-butikken i Vegsund som har den sterkaste veksten – 20 prosent auka omsetning frå 2019 til 2020. Også Marked-butikken på Sandsøya har ei pen omsetningsauke på 15 prosent, ifølgje Iversen.

Supervekst i Søvika

Driftssjef Ivar Dvergsdal har ansvaret for dei litt større butikkane, og stadfestar i at fjoråret enda godt.
Coop-butikken i Søvika i tidlegare Haram kommune, har vakse mest av han sine butikkar, etter at denne blei bygd om frå Marked til Prix-konseptet.
– Her auka omsetninga med 40-50 prosent og det er fantastisk bra. Men generelt har det vore ei flott utvikling i 2020 på daglegvare, fortel Dvergsdal til NETT NO.
Dei større Mega-butikkane Ulsteinvik og Volda fekk ein vekst på høvesvis 9,4 og 6,6, prosent. På Hareid har Coop ikkje hatt daglegvare det siste året, fordi. Den opnar etter planen i starten av mars.

Les også:



Ålesund:




Vi hadde eit auke i omsetning etter oppstart av sjølvbetent opningstid på 19,3 prosent

Publisert: 05.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14