Tussa auka produksjonen frå 422 GWh i årets åtte første månadar i 2023 til 461 GWh i årets åtte første månadar i år.
Det går fram av tertialrapporten per 2. tertial, som selskapet offentleggjorde i dag.
Samstundes er kraftprisen ned frå 44,5 øre/kWh i fjor til 40,3 øre kWh per 2, tertial 2024. Det gjer at driftsresultat frå kraftproduksjonen blei 128,6 millionar kroner, ned frå 142,2 millionar kroner i same periode i fjor.
Ventar fall
Tussa trur kraftprisen vil stige utover hausten samanlikna med nivået i sommar, men ikkje over gjennomsnittsprisen hittil i år.
"Den gjennomsnittlege kraftprisen på NordPool per 2. tertial er 40,3 øre/kWh. Utsiktene for dei fire siste månadene av året er stigande etter ein svak pris i sommar, der august var dårlegast med 12,7 øre/kWh. Vi forventar stigande prisar framover mot om lag 35 øre/kWh mot slutten av året, og ein gjennomsnittspris på 32,6 øre/kWh for 3. tertial." skriv selskapet i tertialrapporten.
"Gitt det vi observerer i marknaden ultimo september, forventar vi eit vesentleg lågare driftsresultat frå kraftproduksjonen enn i 2023. Samstundes forventar vi at dei andre forretningsområda i sum leverer driftsresultat om lag som i fjor. I sum vert det forventa eit resultat etter skatt som er vesentleg lågare enn i rekordåret 2023, dersom prognosane ut året står seg. I sum vert det forventa eit resultat etter skatt som er vesentleg lågare enn i rekordåret 2023, dersom prognosane ut året står seg.", skriv selskapet i rapporten.
Fulle magasin
Godt med vatn i magasina, solkraft og fulle gasslager medverka til prisnedgangen:
"Det har vore synkande kraftpris for NO3 gjennom 2. tertial. Prisen fall mykje frå april til mai, men heldt seg noko høgare i juni og juli. Augustprisen vart likevel pressa av stort tilsig i Sør-Noreg, men også i området vårt. Rask utbygging av solkraft i Europa senker sommarprisane midt på dagen, og dette smittar inn i Norden. Gasslagra er godt oppfylte, og saman med låg industriell kraftetterspurnad i Sentral-Europa gir dette moderate prisar på kontinentet.", heiter det i tertialrapprorten.
(NO3 er det geografisk prisområdet som mellom andre Tussa produserer kraft i).
Tussa as (konsern) | ||
Pr. 2. tertial. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 976,8 | 882,3 |
Driftsresultat | 242,5 | 249,3 |
Resutalt før skatt | 170,7 | 176,4 |
Publisert: 21.10.2024 12:31
Sist oppdatert: 21.10.2024 12:31