Meir til kommunane
Her er lekkasjane frå forslaget til statsbudsjett. Budsjettet blir lagt fram i formiddag.
NPK-NTB: Den avtroppande borgarlege regjeringa har leke fleire punkt frå budsjettforslaget som blir lagt fram tysdag.
Her kan du lese alt Regjeringa legg fram om statsbudsjettet, frå klokka 10 i dag.
* Bistandsbudsjettet blir auka med 3,8 milliardar kroner. I tillegg blir det sett av 2 milliardar til eit klimafond som skal støtte omlegging til fornybar energi i utviklingsland.
* 2 milliardar kroner i auka frie inntekter til kommunane, som også får varig auka skatteinntekter på 3,2 milliardar kroner.
* Rundt 1,5 milliardar kroner i skattelette til unge i jobbar med låg og middels inntekt.
* Eit milliardløft for barn og unge: 200 millionar kroner til psykisk helse, 403 millionar kroner for å sikre at unge fullfører vidaregåande skule, 104,2 millionar kroner til ekstra timar i naturfag og 20,5 millionar kroner til lærarspesialistar.
* Husbanken får ein milliard kroner som skal brukast til bustadlån i distrikta.
* Éin milliard til ny låneordning til Nye vegars arbeid med Ringeriksbanen.
* 400 millionar kroner til fritidskortordninga.
* 451 millionar kroner til å satse på Garnisonen i Porsanger, opplyser forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.
* Elavgifta blir redusert med 1,5 øre. Det svarer til eit kutt på 9 prosent.
* 200 millionar kroner av totalt 3,1 milliardar staten har lova til ny flyplass i Bodø
* 40 millionar kroner til eit nytt distriktsprogram for kompetanseutvikling og ei søknadsbasert ordning for studiesenter og liknande.
* Bustøtteordninga blir styrkt med 70 millionar kroner. Dette skal brukast til å senke eigendelen for husstandar med fleire enn éin person.
* Skatt på opsjonar blir utsett til aksjane blir selde. Dei blir då skatta som kapitalskatt, ikkje som lønnsskatt, som er dagens ordning.
* Opsjonsskatteordninga blir utvida til å gjelde selskap med opptil 50 tilsette (25 no), 80 millionar i omsetning (25 no), og 10 år gamle selskap (6 år no).
* Startløyving på 110 millionar kroner til Blått bygg ved Nord universitet i Bodø og 10 millionar kroner til brukarutstyr i statsbudsjettet for 2022.
* 330 millionar kroner til kommunar med næringsliv som framleis slit som følgje av pandemien.
* 162 millionar kroner blir sette av til å få på plass eit skreimuseum i Lofoten.
* 100 millionar kroner skal brukast til å følgje opp delar av rusreforma.
* 100 millionar til ny E16 mellom Arna og Voss
* 50 millionar ekstra i investeringstilskot til servicebustader for eldre i distriktskommunar
* Momsfritaket for elbilar blir ført vidare.
* Inntektsgrensa for fri rettshjelp blir heva med 10 prosent.
* Større skattefrådrag for reisekostnader for dei som bur i dei minst sentrale 300 kommunane.
* Klimainvesteringsfondet Nysnø får 900 millionar kroner, noko som er 200 millionar kroner meir enn i årets budsjett.
* Etter kjempeinvasjonen av pukkellaks i sommar blir det sett av 15,3 millionar kroner til fleire fellar i elvane i Finnmark.
* 5 millionar kroner til etablering av barnehus for samiske barn.
* 4 millionar kroner til å styrkje arbeidet mot rasisme.
* Stiftinga Human Rights Service mistar statsstøtta.
Publisert: 12.10.2021 07:53
Sist oppdatert: 12.10.2021 11:54