- Endringa vil gi dramatiske konsekvensar i eit alt pressa budsjett, skreiv ordførar Sølvi Dimmen i Volda i ein epost til NETT NO etter at regjeringa i mai la fram eit framlegg til endring av skattlegging av oppdrettsnæringa.
Dimmen frykta eit inntektskutt på fem millionar kroner i år om regjeringa sitt framlegg hadde blitt vedtatt. Møre og Romsdal fylke har anslått at oppdrettskommunane i fylket ville få eit inntektstap på omlag 190 millionar kroner i år.
Det nye var ei produksjonsavgift på 40 øre per kilo produsert laks. Det skal gå uavkorta til kommunar og fylkeskommunar gi dei 500 millionar kroner årleg.
Det andre var å endre fordelinga av inntekter frå sal av nye oppdrettkonsesjonar, frå 80 prosent til kommuner/fylke til 75 prosent til staten og 25 prosent til kommunar/fylke.
Som ei overgangsordning skulle kommunane få ein milliard kroner i år og ein milliard neste år.
Framlegget blei møtt med protestar frå kommunesektoren på grunn av inntektstap i overgangsperioden og fordi kommunane meinte dei burde får ein større del av inntektene. Etter forliket mellom regjeringspartia og Frp er kommunesektoren komen i møte.
Fordelingsnøkkelen for inntektene frå sal av laksekonsesjonar i framtida blir 40 prosent til kommuner/fylke og resten til staten.
Heile produksjonsavgifta skal tilfalle kommuner og fylke, 7/8-partar til kommunane 1/8-part til fylket.
Dimmen frykta eit inntektskutt på fem millionar kroner i år om regjeringa sitt framlegg hadde blitt vedtatt. Møre og Romsdal fylke har anslått at oppdrettskommunane i fylket ville få eit inntektstap på omlag 190 millionar kroner i år.
Endrar fordelingsnøkkelen
Regjeringa sitt framlegg til endringa i oppdrett-skattlegginga var todelt.Det nye var ei produksjonsavgift på 40 øre per kilo produsert laks. Det skal gå uavkorta til kommunar og fylkeskommunar gi dei 500 millionar kroner årleg.
Det andre var å endre fordelinga av inntekter frå sal av nye oppdrettkonsesjonar, frå 80 prosent til kommuner/fylke til 75 prosent til staten og 25 prosent til kommunar/fylke.
Som ei overgangsordning skulle kommunane få ein milliard kroner i år og ein milliard neste år.
Framlegget blei møtt med protestar frå kommunesektoren på grunn av inntektstap i overgangsperioden og fordi kommunane meinte dei burde får ein større del av inntektene. Etter forliket mellom regjeringspartia og Frp er kommunesektoren komen i møte.
Over ein milliard ekstra
I overgangsåra 2020 og 2021 får kommunane 1,25 milliardar meir frå sal av oppdrettskonsesjonar; 2,25 milliardar i år og ein milliard neste år.Fordelingsnøkkelen for inntektene frå sal av laksekonsesjonar i framtida blir 40 prosent til kommuner/fylke og resten til staten.
Heile produksjonsavgifta skal tilfalle kommuner og fylke, 7/8-partar til kommunane 1/8-part til fylket.
Publisert: 12.06.2020 14:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58