Meir Tyrkia arbeid for Skipsteknisk
KONTRAKT: Skipsteknisk har levert design til ein ny dansk fabrikktrålar som skal byggjast på tyrkiske Tersan.
Nytt

Meir Tyrkia-arbeid for Skipsteknisk

Har levert design til dansk fabrikkskip spesialkonstruert for piggvar- og rekefiske.

21.07.2020
Det tyrkiske Tersan-verftet fyller opp med Skipsteknisk-designa skip. Det Ålesund-baserte selskapet har design på ei lang rekkje skip under bygging på verftet utanfor Istanbul, og offentleggjorde i juni endå ein kontrakt. Det galdt ein 87,5 meter lang fabrikktrålar til reiarlaget Havborg på Færøyane.
No har Skipsteknisk sikra seg endå ein kontrakt. Det gjeld bygging av ein arktisk fabrikktrålar til det danske reiarlaget Ocean Prawn.
Båten skal erstatte noverande Ocean Prawn som vart bygt på Langsten på slutten 1980-talet.

Første dansken

Dette opplyser Tersan på si , og saka er også omtala i.
Dette er den første danske kontrakten for Tersan.
Trålaren er planlagt levert i siste kvartal 2022, og vert 82,30 meter lang og 18,00 meter brei. Lastekapasiteten vert 1200 tonn.

35 personar

Om bord vil det vere plass for overnatting for 35 personar, med romslege og komfortable oppholdsplassar, opplyser Tersan.
Verftet skriv at skipet skal vere i stand til effektiv tråling i isete og arktiske farvatn.

Publisert: 21.07.2020 08:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00