Nytt
Menn meiner det er likestilling – kvinner er ikkje heilt samde
Dobbelt så mange menn som kvinner, meiner det er likestilling.
08.03.2019
NPK: To av tre menn meiner kvinner er likestilte i Noreg, men under halvparten av kvinnene meiner det same, viser ei meiningsmåling.
I høve 8. mars har Respons Analyse på oppdrag frå spurt 1.531 medlemmer av deira webpanel om dei synest kvinner og menn er likestilte i Noreg.
Spørsmålet som vart stilt var: «Synest du kvinner og menn er likestilte i Noreg?»
45 prosent svarer ja, medan 50 prosent svarer nei. Men kjønnsskilnadene er markante: 62 prosent av mennene meiner at kvinner og menn er likestilt her i landet. Berre 27 prosent av kvinnene er av same oppfatning.
I Agder, Rogaland og Oslo og Akershus er folk delt på midten i spørsmålet. Her svarer 49 prosent ja.
Brote ned på politisk tilknyting, meiner dei som ville stemt på eitt av partia på venstresida, at vi framleis har eit stykke å gå. 60 prosent på venstresida svarer nei på om menn og kvinner er likestilte. Av dei som ligg til høgre politisk, svarer 36 prosent nei.
Blant dei som har ein brutto årsinntekt på over éin million kroner, svarer 69 prosent at dei meiner at menn og kvinner er likestilte.
Ifølgje er Noreg verdas nest mest likestilte land. Berre Island scora betre på undersøkinga.
(©NPK)

Publisert: 08.03.2019 08:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32