Mercedes smell for Bertel O Steen
OPPTUR: Etter to år på rad med fallende sal, startet 2020 med vekst i salget for Bertel O. Steen Møre og Romsdal-sjef Geir Arne Vatnehol og kollegaene. Selskapet har lidd under mangel på el- og hybridbiler i fjor og året før. 
Nytt

Mercedes-smell for Bertel O. Steen

Mercedessalet på Sunnmøre blei halvert i fjor. Det slo tungt ut i reknskapen til Bertel O. Steen Møre og Romsdal.

08.04.2020
I tillegg til Mercedes (51,8 prosent fall i registrerte nye bilar på Sunnmøre i 2019) sel Bertel O. Steen Møre og Romsdal også Peugot (minus 21,3 prosent), Citröen (minus 20 prosent) og Kia (minus 50 prosent).
Driftsinntektene fall frå 677 til 552 millionar kroner, og det er andre år på rad med eit markert fall i driftsinntektene. I 2017 var dei 732 millionar kroner.

2019 har starta betre enn fjoråret for selskapet. Det er registrert 62,1 prosent fleire nye Mercedes personbilar i året tre første månader, i følgje tal for Opplysningsrådet for veitrafikken. Peugotsalet er opp 3,2 prosent. Dette er dei to viktigaste personbilmerka for Bertel O. Steen Møre og Romsdal.
Kia-salet en ned 28,6 per utgangen av mars 2020 samallikan med same periode i fjor. Citröen-salet er ned 90,9 prosent.

Korona-effekt

Statistikken første kvartal fangar i liten grad opp effekten av koronaepidemien og tiltaka mot den. Bertel O. Steen Møre og Romsdal skriv i årsmeldinga for 2019, som er datert 19. mars i år, at selskapet ventar reduksjon både i bilsal og aktiviteten i ettermarknaden på grunn av epidiemien og at selskapet planlegg permitteringar.
Bertel O. Steen Møre har avdeling i Ålesund, Molde og Volda.

Valuta-trøbbel

Samanlikna med årskiftet og målt i norske kroner er svenske kroner no 9,2 prosent dyrare, britiske pund 9,5 prosent dyrare, euro 14 prosent dyrara og dollar 17,7 prosent dyrare.Konsekvensen av denne prisendring er at det er blitt dyrare å importere bilar til Noreg.
Bransjen har ulik praksis for handtering av konsekvensen av slike valutaendring for bilar som er bestilt, men enno ikkje levert, seier Terje Løvmo, som er leiar i Sunnmøre Bilbransjeforening og dagleg leiar i Nardo Bil i Ålesund (tidlegare Ålesund Bil).
Om ikkje valutakursane snart endrar seg i positiv lei, sett frå importørane si side, kjem bilforhandlarane relativt raskt til å sette opp prisane, meiner Løvmo.

I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei.

Publisert: 08.04.2020 14:01

Sist oppdatert: 17.06.2021 10:13