Roger Kaldhol Davi Turbo 2
LEINØY: Roger Kaldhol og Davi Turbo har hatt ein knallstart på året. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Merkar at fleire reiarar dokkar skipa i Norge

Davi Turbo på Leinøya har fått ein knallstart på året. Merkar at arbeid som vart sett på vent i fjor no vert utført.

03.05.2021

- Det ser veldig bra ut hittil i år, seier dagleg leiar Roger Kaldhol i Davi Turbo.

Herøy-selskapet har spesialisert seg på på vedlikehald og reperasjon av turbomotorar, og har totalt 12 turboverksted i Skandinavia, der ni ligg i Norge.

- Veksten er først og fremst i Norge. Vi merkar at mange norske reiarar no dokkar skipa sine i Norge i staden for i utlandet, seier Kaldhol.

Starta bra før koronaen
Selskapet har vakse raskt, og kjøpte for to år sidan Perssons Maskinservice i Lysekil, og fekk dermed tilgang til eit 1.000 kvadratmeter stort lager og verksted.

Totalt har Davi Turbo meir enn 1.500 turboar og rundt 20.000 ulike artiklar på lager.

I fjor vart det derimot ein nedgang i omsetninga frå 22,4 millionar kroner i 2019 til 17,3 millionar i fjor.

- Året starta veldig bra, med rekordhøg ordreinngang. Deretter kom koronaen, og resten av året dreia seg om å gå nokolunde i balanse.

- Ein knallstart
Men starten på 2021 er endå betre enn starten på fjoråret.

- Eigentleg ein knallstart på året. Det er heilt tydeleg at mykje vart sett på vent i fjor. No har reiarane kome på bana igjen, og aktviteten er aukande.

(Saka held fram etter tabellen)

Davi Turbo
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 17,3 22,4
Driftsresultat 2,2 3,9
Resultat før skatt 1,9 3,7

Kaldhol seier at selskapet har mest arbeid for fiskeflåten og den kystnære trafikken.

- Men i år har også ein del supplyreiarar kome tilbake, blant anna ved at båtar i opplag har kome tilbake i arbeid. Dermed vert det også behov for dokking og oppgradering av utstyr.

Roger Kaldhol og familien eig sjølv 80 prosent av selskapet, medan resten er eigd av Mats Bergrud Sundbø.

No har reiarane kome på bana igjen, og aktviteten er aukande.
Roger Kaldhol

Publisert: 03.05.2021 08:50

Sist oppdatert: 03.05.2021 09:33

Mer om