Lokal-TV-selskapet Sunnmøre Live hadde omlag to millionar kroner i årets to første månadar. Det er ein god start og nesten ein tredjepart på vegen mot det budsjetterte inntektsmålet for heile 2025 fortel dagleg leiar og medeigar Frank Sekkeseter.
Heilt i det siste har han imidlertid merka ei endring, på grunn av større uvisse om den internasjonale politiske utviklinga.
– Vi er veldig avhengige av næringslivet. Det har skjedd ting no som gjer at kundane er meir avventande, seier han.
Sekkeseter siktar til annonsemarknaden og registerer at det er bedrifter retta mot eksportmarknaden og internasjonale bedrifter med avdelingar på Nordvestlandet som har blitt meir forsiktige.
Utsette prosjekt
Sunnmøre Live er finansiert av annonser og goså støtte til ulike produksjonar.
Programproduksjonen skjer gjennom søsterselskapet Eventyrlige Produksjoner. Produksjonselskapet auka bemanning i fjor, og får først full effekt på inntektene av den oppbemanningan i år, seier Sekkeseter. Til saman sysselset dei to selskapa omlag 6,5 årsverk.
Samla sett gjekk dei to selskapa i minus i 2024 (sjå tabell). Fram til utgangen av oktober var dei i pluss, men fleire prosjekt som vart utsett på slutten av året gjorde at det blei undeskot for produksjonsselskapet, ifølgje Sekkerseter.
Sunnmøre Live as | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 5,0 | 4,7 |
Driftsresultat | 0,2 | 0,3 |
Resultat før skatt | 0,1 | 0,2 |
Eventyrlige Produksjoner as | ||
Tail i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 2,4 | 2,4 |
Driftsresultat | -0,6 | 0,1 |
Resultat før skatt | -0,6 | 0,1 |
Publisert: 07.03.2025 11:13
Sist oppdatert: 07.03.2025 11:15