Merkar effekten av elferjer og auka straumforbruk
Mørenett har store investeringar rundt elferjer og betre distribusjonsnett.
Driftsinntektene vart 595,3 millionar kroner i 2020, medan driftsresultat enda på 149,9 millionar kroner i fjor. Driftsresultatet er 10,8 millionar kroner betre enn i 2019.
Resultat etter skatt enda på 101,4 millionar kroner, opplyser selskapet i ei pressemelding.
- Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping, seier adm. direktør Rune Kiperberg.
Mørenett har distribusjonsnett på søre og nordre Sunnmøre, og om lag 67 000 målepunkt i distribusjonsnettet. Det siste året har forbruket i distribusjonsnettet auka med 26,6 GWh. I 2020 vart det levert 1 783 GWh til sluttbrukar, mot 1 756,4 GWh i 2019.
Store utsleppskutt
Kiperberg opplyser at ein ser effekt av omfattande elektrifisering i området.
Spesielt vert det vist til at overgangen til elektriske ferje rhar utløyst store investeringar. Sambanda Hareid - Sulesund og Magerholm – Sykkylven har gått over til elektrisk drift, og desse to sambanda åleine gir reduserte klimautslepp tilsvarande 13 000 tonn CO2 i året - eller CO2 utslepp frå om lag 6 000 dieselbilar.
- Elektrifisering vil vere ei av dei viktigaste løysingane på klimautfordringane vi står føre, og fornybarnæringa vil vere ein viktig bidragsytar gjennom å levere løysingar som klimaet treng. Det er vårt ansvar at kraftnettet vert drive så kostnadseffektivt som mogleg, med tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet til å møte den fullelektriske framtida, seier Kiperberg.
Av andre store investeringar i 2020 vert det vist til at i regionalnettet er Stranda transformatorstasjon ferdig utvida.
Betre forsyning til ytre Herøy
Selskapet har også fått innvilga konsesjonssøknad om utbygging av ny linje mellom Djupvika og Sandviksskaret som vil gi meir robust kraftforsyning til ytre Herøy. I distribusjonsnettet har fleire mindre og mellomstore anlegg blitt ferdigstilte, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar.
I tillegg har Mørenett signert avtale med Statnett om kjøp av omklassifisert 132 kV regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal. Avtalen gjer Mørenett til det største nettselskapet i fylket, og selskapet vil etter dette kjøpet eige om lag 73 % av regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal.
Elektrifisering vil vere ei av dei viktigaste løysingane på klimautfordringane vi står føre
Publisert: 12.04.2021 09:10
Sist oppdatert: 12.04.2021 09:34