Merkar nesten ingen koronaeffekt
SMÅ PROBLEM: Konsekvensen av koronaepidemien har blitt langt mindre enn frykta i mars, seier Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli.
Nytt

Merkar nesten ingen koronaeffekt

Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli kan telle kundane med større koronaproblem på ei hand.

21.08.2020
Konsekvensane av koronaepidemien er blitt langt mildare enn banken hadde grunn til å frykte då store deler av samfunnsaktiviteten blei stengt i mars i år.
I tillegg til at det er svært få kundar som har fått større vansker på grunn av epidemien er det også svært få av bedriftskundane som har nytta sjansen til å ta opp likviditetslån med statsgaranti, ei av tiltaka styresmaktene kom med i vår for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.

Lånevekst

Utlånsveksten er på 8,25 prosent i siste 12-månadersperiode. Det er den utlånsvektsten har hatt dei siste åra, seier Kavli.

Heller ikkje i juli eller august ser den generelle utlånsveksten til å avta. Ørskog Sparebank har først og fremst privatkundar, og Kavli seier det "er veldig bra fart i bustadmarkanden.

Nytt lån

Banken har i dag, fredag 21. august, tatt opp eit nytt ansvarleg obligasjonslån på 40 millionar kroner.

20,4 millionar av lånet skal brukast på betale ned eit eldre obligasjonslån.


Publisert: 21.08.2020 16:00

Sist oppdatert: 19.03.2021 14:02