Merkar prisfall paa sei
NORDNES: Nordnes Gruppen er eigd av Tormund Grimstad og Geir Asle Aarseth med hhv. 77 og 23 prosent. Her er Tormund Grimstad (til v.) og sonen Mats.
Nytt

Merkar prisfall på sei

Nedgong i seiprisane og oppgradering av farty resulterte i lavare fangsinntekter i fjor enn det som er normalt for Nordnes-reiarlaget. 

Kristin Vidhammer
12.06.2018
I fjor hadde dei 150 millionar kroner i driftsinntekter i konsernet, inklusiv ein salsgevinst på 31 millionar. Resultat før skatt vart nærmare 18 millionar kroner, mot nærmare 4 millionar året før (sjå tabell).
Nordnes Gruppen held til på Gjøsundneset på Valderøya og består av fleire selskap. Konsernet eig og driv dei tre heileigde fiskefartya MS Nordstar, MS Nordbas og MS Vollerosa. MS Nordørn selde dei i desember i fjor.

Sal av driftsmidlar og oppgradering av farty

Både tre månader med oppgradering av MS Nordstar i fjor og nedgong i seipriser resulterte i lavare fangstinntekter enn det som er normalt for reiarlaget.
- Resultatet både i fjor og året før er også påverka av at vi har hatt sal av driftsmidlar og kvoter seier, Tormund Grimstad.
Han eig selskapet saman med Geir Asle Aarseth med h.h.v. 77 og 23 prosent.

Tenker langsiktig

Nordnes er eit av dei få førstegenerasjonsreiarlaga i havfiskeflåten som er igjen i regionen.
I hovudsak fiskar dei sei, torsk, hyse, uer og reke, og all fisk blir sløygd, hovudkappa og fryst fersk om bord. «Nordstar» leverer i tillegg til fryste varer også ensilasje av restråstoff, som er ein innsatsfaktor i produksjonen av fiskeolje og proteinkonsentrat, brukt til fôr i oppdrettslaks.
- Det er mykje som skjer heile tida, seier Grimstad.
Han meiner at utsiktene i fiskeri og for Nordnes er gode.

Resultata svingar i fiskeri

- Det er eventyrlege utsikter innan fiskeri og posisjonen vi har skaffa oss synest vi er god. Men vi må ikkje la oss rive med og investere kortsiktig – vi ønskjer å tenke langsiktig i alt vi gjer, sa Tormund og Mats Grimstad til NETT NO i fjor haust.
Les også:
Hovudgrunnlaget deira er sei.
- Dei siste tre åra har resultata i Nordnes vore heilt ok, men det går i bølgjedalar. Prisen på sei er ganske langt nede no, men det er fortsatt berekraftig, sa dei vidare.

Fleire prosjekt på gong

Reiarlaget har også fått innvilga utviklingskonsesjon med fem års varigheit til å drive fiske etter mesopelagiske artar, og der dei har starta opp eit utviklingsprosjekt. Dei har også andre FoU-prosjekter på gong.
Dei har også bygd opp Bryggen Opplæringssenter på Roald på Vigra, som dei leiger ut til Marint Kompetansesenter.
Det er om lag 100 tilsette i Nordnes Gruppen.
Nordnes er eit av dei få førstegenerasjonsreiarlaga i havfiskeflåten som er igjen i regionen.

Publisert: 12.06.2018 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22