Hofseth International har bedt amerikanske styresmakter om å få betalt tilbake kring 21 millionar dollar – eller nær 200 millionar kroner – som dei har betalt i toll til USA. Det kjem fram ei ein revidert årsrapport konsernet offentleggjorde i ei børsmelding i helga.
Sjømatkonsernet er råka av USA-president Donald Trump sitt nye tollregime. Men i vinter avgjorde høgsterett i USA at tollsatsane var ulovlege. Difor ber selskapet om å få tilbake summen dei har betalt.
Konsernsjef Roger Hofseth avslår å kommentere saka til Nett No måndag.
Reknar med å få pengane snart
I ei oppdatert børsmelding om 2025-resultatet kjem det fram at selskapet reknar med å få betalt tilbake beløpet innan 45 til 90 dagar.
Konsernet opplyser i børsmeldinga at dei har justert ebitda-resultatet frå 492 millionar til 393 millionar. Årsaka er at dei ikkje har fekk refundert innbetalingar dei rekna med å få i løpet av fjoråret.
Elles er 2025-tala for Hofseth-konsernet kjent frå før. Dei viste lågare inntekter og eit betydeleg underskot.
Kraftig fall for foredling
I den reviderte årsmeldinga kjem også konsernet med ei oppdatering om drifta i 2026.
Den viser kraftig nedgang i aktiviteten for foredlingsverksemda med eit fall på heile 30 prosent samanlikna med året før.
Leiinga skriv at låg kontraktsdekning er årsaka, noko som har vore ei utfordring etter innføring av lakseskatten.
Det blei forverra etter at USA innførte nye tollsatsar. Frå 2024 til 2025 sank omsetninga til den nordamerikanske marknaden frå kring 3 til 2,5 milliardar.
Ventar sterkare siste halvår
Ved inngangen av året hadde eksportørar av norsk sjømat utsikter til 15 prosent toll til USA, medan konkurrentane i Chile hadde 10 prosent.
Det gjorde at amerikanske kjøparar har kjøpt meir fisk frå det søramerikanske landet i første halvår.
Etter at tollen er endra ti prosent for alle lakseeksporterande land, vil det føre til eit sterkare siste halvår for Hofseth-konsernet. Roger Hofseth skriv i årsmeldinga at dei ventar auka foredlingsvolum i andre halvdel av 2026, og ein normalisert marknad i 2027.
Auke for oppdrettsdelen
I årsrapporten kjem det samtidig fram at konsernet har ei solid auke i volumet for oppdrettsdelen av verksemda.
I 2026 ventar dei rekordhøg produksjon med kring 16.000 tonn sløyd fisk. Det utgjer ei auke på 17 prosent samanlikna med fjoråret.
Roger Hofseth fortalde nyleg til Nett No at dei planlegg ei dobling på oppdrett dei neste åra, og at veksten vil kome på laks.
Publisert: 04.05.2026 13:27
Sist oppdatert: 04.05.2026 13:27






