Russland, Opec-landa og fleire allierte nådde torsdag fram til semje om å kutte oljeproduksjonene med 10 millionar fat om dagen, eit kutt på omlag 10 prosent av verdsproduksjonen.
Eit vilkår for å lukkast var at også Mexico slutta seg til, men det har Mexico førebels ikkje gjort, i følgje Reuters.
Reuters siterer Saudi Arabias energiminister, som håpar Mexico vil slutte seg til avtalen. Forhandlingane om oljekutt held fram i dag, mellom anna på ein videokonferanse der energiministrane for G20-landa møtes.

Publisert: 10.04.2020 10:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56