Miljoeambisjonane ligg fast
ZEFF: (Zero Emmision Fast Ferry) har utvikla ein hydrogendriven hurtigbåt som får foilar som løftar fartøyet ut av vatnet og reduserer skrogmotstanden. 
Nytt

– Miljøambisjonane ligg fast

Den påtroppande fylkesrådmannen i nye Vestland har foreslått ein tostegsprosess på innføring av nye anbod på hurtigbåtane i Sogn og Fjordane.

15.11.2019
NPK- Kjell Åsmund Sunde: Han meiner det ikkje gjer det vanskelegare å nå dei ambisiøse klimamåla til fylkeskommunen.
– Vi har framleis dei same måla for utsleppsreduksjon. Vedtaksframlegget mitt gjer det ikkje vanskelegare å nå måla. Det gir oss berre betre tid til å handtere utfordringane på ein god måte, seier påtroppande fylkesrådmann Rune Haugsdal i Vestland.

Mange utfordringar

I utgangspunktet har politikarane i Vestland fylkeskommune vedtatt at ein så raskt som mogleg skal gå over til utsleppsfri teknologi på hurtigbåtsambanda som fylket har ansvar for. I det nye framlegget frå fylkesrådmannen blir det opna for ei gradvis innføring av hurtigbåtar med nullutslepp frå 2024.
– Eg baserer framlegget mitt på ei utgreiing frå rådgivingsselskapet DNV GL. Dei peikar på ei rekke utfordringar og risikoar knytt til å gå for raskt fram, fortel fylkesrådmannen.
Utgreiinga frå DNV GL peikar mellom anna på fleire risikofaktorar knytt til økonomi, drift og prosess.
– Det er betydelege utfordringar og det er viktig å få på plass måtar å handtere desse på før vi byrjar anbodsprosessar med nullutsleppskrav, seier han.
Miljøstiftinga Zero meiner det er feil av fylkesrådmannen å legge stor vekt på utgreiinga frå DNV GL.
– Oppdraget dei hadde var å fokusere på risikoelement. Det er alltid ein viss risiko knytt til ny-teknologi-element. Men vi meiner risikoane er framstilte som større enn dei i røynda faktisk er, sa teknologiansvarleg Marius Gjerset i Zero til Nynorsk pressekontor tidlegare denne veka.
– Vi har tatt sjansar på andre felt, mellom anna i ferjenæringa, seier Haugsdal som svar på kritikken frå Gjerset.

Greitt med ei utsetting

Framlegget til fylkesrådmannen var oppe til vurdering i Fylkesutvalet i Vestland onsdag. Då blei det bestemt at dei utset avgjerda til 3. desember.
– Eg tenker det er heilt greitt at det blei ei utsetting, seier Haugsdal.
Kjem det endringar i vedtaksframlegget ditt innan 3. desember?
– Det kan hende, svarar Haugsdal.

Publisert: 15.11.2019 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44