Miljoepris til Vartdal Plast
VIL LAGE EIGE RÅSTOFF: Isopor, eller EPS, består av mykje luft. Ved Vartdal Plast sitt gjenvinninganlegget blir EPS pressa saman i kompakte blokker, og etterkvart skal anlegget også omdanne brukt EPS til nytt råstoff. Ordførar Stein Aam i Ørsta klipte  snora og opna det nye anlegget til Vartdal Plast på Liadal i Ørsta i oktober i år. I bakgrunnen dagleg leiar Jan Endre Vartdal.
Nytt

Miljøpris til Vartdal Plast

Får pris for gjenvinning.

02.12.2020

Mottak- og gjenvinningsanlegget Vartdal Plast i haust opna for emballasjeprodukt av ekspanderbart polystyen (EPS, populært kalla isopor), er med i grunngjeving for prisen.

Det er Møre og Romsdal fylke som deler ut prisen, som i 2020 blir delt ut for 11. gang.

-Plast har dei siste åra blitt eit «verstingprodukt», men når vi ser på alternative materiale, kjem plast likevel ofte godt ut med tanke på klimagassutslepp, produksjonskostnad og miljøavtrykk. Dette er eit eksempel på korleis ei bedrift tek på seg produsentansvaret og finn løysingar som er sirkulære og reduserer bruken av jomfrueleg plastmateriale, seier nestleiar av kultur-, nærings- og folkehelseutvalet, Joakim Skaar (MDG) i ei pressemelding.

Prisen består av eit kunstverk av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner.

Gratis innsamling
Vartdal Plast har gått ut til alle miljøstasjonane mellom Bergen og Trondheim og sagt at dei vil hente inn all EPS-en gratis. Det innsamlingsarbeidet har allereie vore i gong i meir enn eit halvår.

På sikt satsar Ørsta-bedrifta på at dei skal samle inn nok EPS, til at dei kan lage nytt råstoff til produkta, ved sitt eige anlegg. Anlegget ligg i den tidlegare møbelfabrikken til Sandvik Møbler i Liadal i Ørsta.

– Når vi får samla inn nok EPS, så skal vi gjere estruderinga sjølv og lage vårt eige råstoffprodukt. Dette er berre begynnelsen på starten, sa dagleg leiar Jan Endre Vartdal då anlegget vart opna i oktober i år.

Les også: – Ei ny epoke i Vartdal Plast si historie

Brukt byggisolasjon og isopor blir nye arbeidsplassar

Historisk godt år for Vartdal Plast

Høyr podcasten Podium med Jan Endre Vartdal og Øyvind Tørlen


Publisert: 02.12.2020 09:27

Sist oppdatert: 13.09.2021 12:36