Milliardar i kontantstoette til bedriftene
BLAR OPP: Regjeringa reknar med å bruke 10-20 milliardar kroner i månaden på å støtte bedrifter som har mista inntektene sine, slik at dei kan dekkje ein del av dei faste kostnadane, sa finansminister Jan Tore Sanner på pressekonferansen klokka 08:00 i dag, fredag 27. mars.
Nytt

Milliardar i kontantstøtte til bedriftene

Staten tek ein del av dei faste kostnader for bedriftene. Målet er at bedriftene skal ha pengane på konto innan to-tre veker.

21.09.2020
Ventar å betale ut 10-20 milliardar kroner i månaden gjennom den nye ordninga, som i første omgang skal vare i to månader.
Regjeringa legg fram ytterlegare tiltak for næringslivet på ein ny pressekonferanse klokka 12:00 i dag
- Forslaget inneber at staten dekkjer ein andel av dei faste kostnadene for bedrifter som no opplever betydeleg nedgang i inntektene som følgje av virusutbrotet, sa finansminister Jan Tore Sanner på ein pressekonferanse i dag.
Ordninga skal også omfatte sjølvstendig næringdrivande.
Ordninga liknar på ordninga Danmark tidlegare har varsla skal innførast der. Den danske ordninga har eit tak på 60 millionar kroner pr. bedrift, i følgje Sanner, og regjeringa vil seinare i dag opplyse kva den meiner skal vere taket i den norske ordninga.


Ordninga er utvikla i samarbeid med LO og næringsorganisasjonane, NHO, Virke og Finans Norge. Stortinget får framlegget i dag, og vil behandle framlegget i løpet av helga og neste veke.
Sanner sa på pressekonferansen at regjeringa seinare i dag vil foreslå å utvide låne- og garantiordninga den la fram i førre veke, slik at den vil omfatte fleire.

Pengar på konto om to-tre veker

Finans Norge-sjef Idar Kreutzer sa på pressekonferansen at målet er at bedriftene får pengar på konto innen to-tre veker.
Bedriftene må søkje om støtten og detaljane i ordninga skal vere klar neste fredag. Det som blant anne skal avklarast er kor stor andel av dei faste kostnadene som blir dekt og kor stort inntektsfall som må til for å vere kvalifisert for støtte.
Ordningane skal byggje på sju prinsipp:
Den skal vere effektiv og virke raskt.
Den skal vere målretta mot bedrifter med eit vesentleg fall i inntektene.
I første omgang vil ordninga gjelde for to månader.
Ordninga skal famne breitt, mellom anna for å sleppe å innføre mange små spesialordningar.
Ordninga skal vere så enkel som råd å bruke og administrere.
Ordninga må også vere i samsvar med statsstøtteregelverket.
Og den må gjere det råd å kontrollerte at bedriftene gir rette opplysningar og ikkje misbrukar ordninga.
"Pengene fra staten er helt nødvendige. Skaper vi trygghet for at bedriftene kan klare seg gjennom dette, vil også bank, leverandører og utleier kunne stille opp. Bedriftene skal også ta vare på hverandre i den uhyre krevende situasjonen vi er i. De som har mulighet, må bestille varer og tjenester av hverandre. Hjelp hverandre å holde hjulene i gang" seier NHO-sjef Ole Erik Almlid
"LO vil ha en modell som gir bistand til bedriftene for å betale faste utgifter, slik at de ikke må legge ned og at de som jobber der har en arbeidsplass når dette er over.
- Jeg er glad for at regjeringen i dag legger frem rammer rundt en ordning som svarer på dette, og som kan være et godt utgangspunkt for videre behandling i Stortinget"

Publisert: 21.09.2020 15:45

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:32