Milliardemisjon i Atlantic Sapphire
Tidlegare Glamox- og Ewos-sjef Kjell Bjordal er med på kapitalutvidinga. Også Petter Stordalen er med.
Etter at børshandelen stengte i dag kom Atlantic Sapphire med børsmelding om at selskapet vil hente inn 125 millionar dollar, cirka 1,2 milliardar kroner, i ny eigenkapital.
Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse i Vestnes, men hovudaktivieten er i USA. Pengane skal brukast til å finansiere andre byggetrinn på selskapet sitt landsbaserte oppdrettsanlegg ved Miami i Florida.
Bjordal og Stordalen
Blant investorane som har forplikta seg til å vere med på kapitalutvidinga er moldensaren Kjell Bjordal. Hans investeringsselskap, Norsk Landbrukskjemi, skal gå inn med 12 millionar kroner, skriv Atlantic Sapphire i ei børsmelding.
Petter Stordalens investeringsselskap, Strawberry, skal gå inn med 123 millionar kroner.
Nordlaks Holding, der Bjordal er styreleiar, skal gå inn med 150 millionar kroner.
Det er DNB Markets og Arctic Securities som har fått jobben med å hente inn pengane, og målet er at kapitalutvidinga skal vere gjennomført innan klokka 08:00 i morgon, onsdag 29. juni.
Kursfall i år
I dag vart ein aksje i Atlantic Sapphire handla til 22 kroner, ein oppgang på 1,84 prosent samanlikna med i går.
Hittil i år har kursen falle 47,5 prosent og den siste 12-månadersperioden 77,2 prosent.
Kursrekorden til selskapet er 148 kroner aksjen, som var kursen 4. februar 2021.
Publisert: 28.06.2022 17:02
Sist oppdatert: 28.06.2022 21:06