Vard 3 39 for DFO
KLART I 2027: Vard skal leverer konstruksjonskipet i forgrunnene til sin taiwanesiske kunde i andre kvartal 2027. Illustrasjon: Vard.
Nytt

Milliardkontrakt til Vard

Skal bygge sitt tredje skip for taiwansk kunde.

03.04.2025

Taiwanbaserte Dong Fang Offshore har bestilt eit konstruksjonsskip for vindkraftindustrier hos Vard. 

Kontrakten er på 113,5 millionar euro, tilsvarande 1,3 milliardar kroner. Den inneheld og ein opsjon om bygging av eitt fartøy til 

Skipet er teikna og utstyrt for undervassoperasjonar, operasjonar for offshorevind- og vedlikehaldsaktivitetar, i tillegg til kabelinstallasjon og reparasjonsoppdrag i offshore vind- og telecomsektoren, skriv Vard i ei pressemelding. 

I tillegg til oppdraget med å teikne og bygge fartøyet skal datterselskapa Vard Electro og Vard Interiors levere til nybygget.

Skroget skal byggast i Romania og fartøyet skal utrustast på Vard sitt verft i Søvika i Haram. Det skal leverast i andre kvartal 2027.

Fartøyet blir 121,3 meter langt og 23 meter breitt, med plass til 130 personar fordelt på 90 lugarar.

Dei to første fartøya Dong Fang Offshore bestilte hos Vard vart bestilt i mai 2024. Det er fartøy som skal brukast som servicefartøy til vindkraftparkar.

Dei to fartøya blir 102,7 meter lange og 19,5 meter breie, med plass til mannskap og servicepersonell.

Det første av dei to fartøyet skal leverast i fjerde kvartal 2026, det andre i første kvartal 2027.

Publisert: 03.04.2025 16:54

Sist oppdatert: 03.04.2025 17:42

Mer om