Milliardplanar i gruveanlegg
STORE PLANAR: Roger Hofseth har milliardplanar i tidlegare olivingruveanlegg.
Nytt

Milliardplanar i gruveanlegg

Roger Hofseth har kjøpt den tidlegare olivingruva i Raudbergvika i Fjord kommune og planlegg milliardinvesteringar.

29.05.2020
Førebels vil Hofseth ikkje gå i detaljar om investeringsplanane, men stadfestar at det til saman - og over tid - er potensiale for å investere 10-13 milliardar kroner i infrastruktur og eventuelt landbasert oppdrett i Raudbergvika. Ei eventuell investeringa er under utgreiing no.
- Hofsethgruppa har store vekstplanar framover. Vi er er eit selskap med fire milliardar kroner i omsetning. Vi aktar å investere og bygge i vår region, seier Hofseth.
Gruveanlegget har Hofseth kjøpt privat, men planen er å investere i landbasert oppdrett saman med utanlandske investorar.
Det hittil største landbaserte anlegget som er planlagt i Noreg har ein førebels prislapp på over tre milliardar kroner.

Sylvi Listhaug

Det er stortingsrepresentant Sylvi Listhaug (Frp) som har offentleggjort kor store investeringar som blir vurdert i det nedlagte olivingruveanlegget i Raudbergvika. Det gjorde ho i eit skriftleg spørsmål til fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Bakgrunnen for Listhaug sitt spørsmål er at oppdrettselskapet Hofseth Aqua, eitt av fleire sjømatselskap som inngår Hofsethgruppa, ønskjer å omorganisere oppdrettverksemda i Storfjorden og investere i nye anlegg.
Hofsethgruppa er ikkje eit juridisk selskap, men fleire selskap med Roger Hofseth som sentral eigar og leiar.

500 millionar

Hofseth Aqua har ein avtale med Ewos om eit samarbeid om fire forsking- og utviklingskonsesjonar på aure. Dei ønskjer på samlokalisere oppdrettanslegga til tre av desse konsesjonane i Storfjorden, samstundes som Hofseth Aqua/Ewos reorganiser plasseringa av eksisterande anlegg i fjorden.
Hittil har Hofseth Aqua/Ewos fått nei hos Mattilsynet lokalt på grunn av lakselussituasjonen, men har klaga - og klagen er no til behandling hos Mattilsynet sentralt.
Hofseth seier eit ja vil gi investeringa i nye oppdrettsanlegg, bløggebåt og utvida smoltanlegg i Tafjorden, og argumenterer med at det vil vere ekstra kjærkome no når økonomien går på sparebluss under koronaepidemien.
Det er investeringar som vil kome Ulstein Betong og andre leverandørar på Nordvestlandet til gode, seier Hofseth. Til saman er det snakk om ei investering på ein halv milliard kroner som kan få startsignal straks - om styresmaktene seier ja.
Hofsethgruppa har store vekstplanar framover

Publisert: 29.05.2020 17:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57