Vard Soviknes foto Marius
SØVIKNES: Vard-konsernet har fleire verksemder i Haram, mellom anna verftet i Søvika. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Må betale millionbeløp for brot på innleigereglar

Vard får gebyr frå Arbeidstilsynet.

Marius Rosbach
19.05.2025

Arbeidstilsynet har gitt eit gebyr på ein million kroner til Vard Electro i Haram for brot på reglane om innleige av arbeidskraft.

Det skjer på bakgrunn av eit tilsyn i fjor der Arbeidstilsynet gjekk gjennom kva bemanningsforetak Vard hadde nytte det siste halvåret.

Vard hadde rammeavtale med fleire aktørar. Gebyret gjeld firmaet GS-EL AS som ikkje var eit godkjent bemanningsforetak, påpeiker Arbeidstilsynet i vedtaket som gjekk til Vard i mars.  

«Vi ser alvorlig på dette da det er ulovlig å kjøpe tjenester fra bemanningsforetak som ikke er godkjent i bemanningsforetakregisteret», heiter det vidare. 

Utegløymt ved ein menneskeleg feil
Vard Electro har opplyst at dei har hatt folk frå til saman 17 bemanningsbyrå i arbeid, sidan den nye godkjenningsordninga blei oppdretta mot slutten av 2023.

Selskapet blei varsla om gebyret allereie i fjor og har kome med sine synspunkt til saka før vedtaket blei gjort. 

Selskapet har opplyst at ein menneskeleg feil gjorde at GS-EL-firmaet vart utegløymt frå ein sjekk som blei gjort av  bemanningsforetaka. 

Også GS-EL AS har fått eit gebyr på 80.000 kroner i saka. 

Meinergebyret er for høgt
Vard Electro har argumentert med at dei meiner regelbrotet ikkje er av ein slik alvorleg karakter, som tidlegare gebyr i denne storleiken. 

Arbeidstilsynet påpeiker at gebyrnivået er auka, og meiner at saka si alvor og preventive omsyn, tilseier eit gebyr på ein million kroner. Bakgrunnen er mellom anna storleiken til bedrifta og den økonomiske evna selskapet har til å betale.  

Dei meiner óg at Vard-selskapet enkelt kunne oppdaga feilen ved forebyggande tiltak, som rutinar for kva føretak som til ein kvar tid var godkjende. 

Betalte gebyret i april
Arbeidstilsynet skriv i vedtaket at selskapet har handla i god tru, og at det ikkje er eit forsøk på å omgå reglane som ligg til grunn for brotet. Då forholdet blei oppdaga, vart også GS-EL AS godkjent i løpet av eit par dagar. 

Arbeidstilsynet konkluderte med at dei vil oppretthalde gebyret som det var ein frist på fire veker til å betale. 

Nett No får opplyst fra Vard at dei betalte gebyret i april. 

Hans-Tore Jenssen som er general manager ved Vard Electro seier regelbrotet er beklageleg.

«Vard understreker likevel at alle de andre bemanningsbyråene som vi har brukt, er godkjente.  I tillegg var alt i orden med det gjeldende selskapet, de hadde bare ikke registrert seg. Da bemanningsbyrået oppdaget at de ikke var godkjent, ble forholdet rettet opp etter to dager, ingen brudd på vilkår ble funnet. Vard ser derfor dette som en ren formalitet», skriv han i ein e-post til Nett No.

Har avslutta arbeidet med tre firma
Han understrekar at Vard har plikt til å sjekke slike godkjenningar, men at det også er kontraktfesta at bemanningsforetaka dei nyttar, pliktar å følgje norske lovar og reglar.

Jenssen opplyser vidare at dei har jamlege kontrollar med alle underselskap og bemanningsforetak – og at dei har avslutta samarbeidet med tre firma grunna brot på reglane. 

 Han påpeiker at dei har vore i dialog med Arbeidstilsynet om desse, og har handla i god tru om at dei var godkjente. 

Oppdatering: Denne saka blei oppdatert 19. mai klokka 15.44 med tilsvar frå Vard

Publisert: 19.05.2025 14:29

Sist oppdatert: 20.05.2025 09:40

Mer om