Milliondryss over Sykkylven
SYKKYLVEN: Hjørnesteinsbedrifta Ekornes er i ferd med å verte kinesisk kontrollert.
Nytt

Milliondryss over Sykkylven

Svenske Nordstjernan får mest, men det vil drysse fleire hundre millionar kroner over Sykkylven om Ekornes vert kinesisk eigd.

02.03.2020
Ekornes har i lang tid hatt aksjekjøpsprogram for sine tilsette, som no kan få ein fin gevinst om salet til den Beijing-baserte møbelgiganten Qumei Home Furnishing Group vert gjennomført.

Bodet på 139 kroner aksjen prisar heile Ekornes-konsernet til 5,1 milliardar kroner, og i tillegg til svenske Nordstjernan og aksjefond, er det seks medlemer av Ekornes-familien som har flest aksjar.

478 millionar til fordeling

Ifølgje siste aksjonæroversikt har Berit Ekornes Unhjem og Gunnhild Ekornes Mertens aller mest av Ekornes-familien med kvar 2,93 prosent av aksjane. Ved eit sal vil dei kvar innkassere vel 149 millionar kroner.
Torill Anne Ekornes har 1,42 prosent av aksjane og Kjetil Ekornes 1,07 prosent.
Også Kari Inger Ekornes og Stian Ekornes er godt lasta med Ekornes-aksjar, og samla vil dei seks medlemene av Ekornes-familien motta 478 millionar kroner ved eit sal.
Nils Gunnar Hjellegjerde er også stor aksjonær, med 1,54 prosent eigarskap i Ekornes-konsernet. Om bodet vert ståande, vil han innkassere 76 millionar kroner.
For at handelen skal gjennomførast, er kravet at Qumei får kjøpe minst 55,57 prosent av aksjane. Aksjonærar som i dag sit på 25,65 prosent av aksjane i Ekornes har akseptert bodet.
Av dei som har sagt ja er Nordstjernan AB, Stian Ekornes og enkelte andre medlemer av Ekornes-familien, samt Nils Gunnar Hjellegjerde.

Svensk storeigar

Det familieeigde svenske investeringsselskapet Nordstjernan er største aksjonær med 17,17 prosent av aksjane, tilsvarande 884 millionar kroner.
Det spanske investerinsgselskapet Alantra er nest størst etter å ha kjøpt seg opp i det siste. Fondet har 11,4 prosentr av aksjane.
Folketrygdfondet er tredje med 10,46 prosent eigarskap, medan irske RbC Investor Service er fjerde størst med 5,24 prosent eigarskap.
Andre store aksjonærar er dei norske fonda Odin Norge (4,66 %), Pareto Aksje Norge (4,14 %) og Norda Nordic Small (3,25 %).

Publisert: 02.03.2020 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22