Milliongevinst paa opphoeyrssal
OPPHØYRSAL-GEVINST: Moods of Norway-gründerane Simen Staalnacke og Jan Egil Flor kan igjen smile etter konkursen i fjor. Det nye eigarselskapet fekk eit fint overskot i 2017 etter tilbakekjøpet av konkursbuet i Moods of Norway i oktober.
Nytt

Milliongevinst på opphøyrssal

Dei tidlegarane eigarane kjøpte buet etter Moods of Norway-konkursen og selde varelageret med gevinst.

22.07.2020
NPK: "Nye" Moods of Norway gjekk med overskot i fjor, fortel lokalavisa Fjordingen i Stryn.
Klesprodusenten i Nordfjord gjekk konkurs i fjor, men dei tidlegare eigarane og ei gruppe tilsette kjøpte gjennom selskapet Retail Drift tilbake delar av verksemda i Moods of Norway og Moods Wholesale i fjor haust. Kjøpet inkluderte òg varelager, varemerka til Moods of Norway og aksjane i Brandstad Drift.
Det er eigarselskapet Retail Drift som no kan skilte med eit resultat før skatt på 30,8 millionar kroner i 2017. Driftsinntektene var på 98,6 millionar kroner.
– Resultatet på 30,8 millionar kroner kjem i hovudsak frå opphøyrssalet frå alle butikkane, seier Jan Egil Flo i Moods of Norway til Fjordingen.
Etter konkursen vart verksemda lagt om, og ti butikkutsal vart lagde ned. Moods of Norway la ned ytterlegare sju butikkutsal i første kvartal i år.
– Etter at avviklingsperioden er ferdig, vil vi sitje igjen med tre eigne Moods-butikkar i dei største byane, Oslo, Bergen og Trondheim, i tillegg til butikk og outlet i Stryn, seier Flo.
Drifta skal òg halde fram i to andre outlet-butikkar, ein i Stavanger-området og ein i Vestby, ifølgje Fjordingen.

Publisert: 22.07.2020 13:42

Sist oppdatert: 23.06.2021 08:34