Millionrate for Olympic-skip
Høgaste rate sidan august 2022.
Ankerhandteringsfartøyet Olympic Zeus er utleigd til Equinor for ein million kroner dagen.
Det er den høgaste raten sidan august i fjor, seier skipsmeklar Henrik Andersen Kuosmanen i skipsmeklarselskapet Westshore.
Olympic Zeus skal slepe ein oppjekkbar borerigg i Norskehavet og kontrakten er på minst tre dagar, med opsjonar på å forlenge oppdraget med ein dag om gangen i 11 dagar.
Ei varsla godversperiode har fått mange til å bestille ankerhandteringsfartøy samstundes og det har pressa ratene oppover, ifølgje Andersen Kuosmanen. I løpet av få dagar har dagratene gått frå 250.000 til ein million kroner dagen.
Befraktningssjef og skipsmeklar Wilhelm P.C. Blystad i Clarksons Offshore seier til Finansavisen at det ligg an til ein stram marknad i "nokre veker". Han trur færre tilgjengelege båtar utover våren vil gjere at ratene i spotmarknaden blir enda høgare enn nivået i dag.
Publisert: 22.02.2023 15:51
Sist oppdatert: 22.02.2023 16:37