Millionstoette til fleire reiselivsbedrifter
GEIRANGER: Union-hotellet i Geiranger er blant bedriftene som har fått støtte etter den første søknadsrunden. No stenger hotellet for sesongen.
Nytt

Millionstøtte til fleire reiselivsbedrifter

18 bedrifter på Sunnmøre og i Nordfjord har fått pengar til å omstille seg. Men eitt av hotella ser seg nøydd til å stenge for sesongen.

Marius Rosbach
01.12.2020
241 reiselivsbedrifter over heile landet har så langt fått 237 millionar kroner samla til ulike omstillingsprosjekt. Bedriftene får støtte frå tilskotsordninga for reiselivet som regjeringa oppretta i sommar, og pengane kjem via Innovasjon Norge.
Næringsminister Iselin Nybø seier seg godt nøgd med søknadsmengda til første runde som no er avgjort. Ho meiner volumet viser at næringa viser stor vilje til omstilling og tenke nytt, ifølgje ei .
Det blir opna for ei ny søknadsrunde snart.

Hotell stenger for sesongen

På Sunnmøre er det fleire Stranda Hotel og Hotel Union Geiranger om har fått dei største pottane på 2,65 og 2,1 millionar kroner (sjå heile lista under).
Tysdag kom samtidig nyheita om at Union-hotellet stenger dørene for sesongen.
– Botnen i marknaden fall heilt ut då restriksjonane med 20 personar kom, saman med reiserådet om at ein ikkje skulle foreta seg unødvendige fritidsreiser, fortel Sindre Mjelva ved hotellet til .
Han tør ikkje seie noko sikkert om kor lenge hotellet blir stengt, og at det avhenger av smitteutviklinga.
Også reisearrangøren Plussreiser, som , har fått eit betydeleg bidrag på 1,8 millionar kroner. Dei skal nytte pengane til å tilby reiser i Norge, i staden for utlandet, som har vore hovudinntektskjelda til ålesundselskapet.

Smittevern og nye marknader

Støtta går til prosjekt som både gjeld tilpassing til smitteverntiltak og endringar i marknaden.
Typisk er å tilpasse produkt som har vore retta mot turistar frå oversjøiske marknader, til norske turistar. Ordninga skal gi likviditet til prosjekt som bedriftene ikkje elles kunne ha gjennomført.

Bedrifter som får støtte på Sunnmøre:


62 NORD AS 1.380.000ALNES DRIFT AS 238.000DESTINASJON ÅLESUND & SUNNMØRE 665.000EMOBILITY AS 988.000GEIRANGER ADVENTURE AS 136.000GEIRANGER FJORDSERVICE AS 1.400.000GEIRANGER SKYSSLAG AS 1.425.000HOTEL UNION GEIRANGER AS 2.100.000JENNY HATLEHOL AS 266.000PLUSSREISER AS 1.830.000STORFJORD HOTEL AS 1.140.000STRANDA BOOKING AS 950.000STRANDA HOTEL AS 2.658.100UTEGUIDEN AS 1.448.000

Bedrifter som får støtte i Nordfjord:


BRIKSDAL ADVENTURE AS 850.000BRIKSDALSBRE FJELLSTOVE AS 500.000FJELDFOLK AS 250.000LAPOINT TRAVELS AS 700.000
(ekstern lenke)

Les også:





Publisert: 01.12.2020 12:31

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:07