Milliontap for Fisketorget
Gjekk på ein smell etter rekordomsetning.
Selskapet Fisketorget Delikatesse vart starta opp i 2014, og passerte i fjor 28 millionar kroner i omsetning. Det er ny rekord.
Likevel enda resultatet før skatt på minus 1,0 millionar kroner. Året før var det óg minus med 51.000 kroner.
Utsal og spiseplass
Fisketorget Delikatesse ligg ved inngangen til Korsatunellen, midt i Ålesund sentrum. Her er det tradisjonell fiskebutikk med fersk sjømat, salta og røkt fisk, fiskemat og andre sesongvarer.
Selskapet tilbyr også restaurant over to etasjar der ein kan få sushi og andre fisk- og kjøttretar, alt basert på lokale råvarer. Fisketorget Delikatesse har alle rettigheiter og kan også arrangere lukka lag.
Tilførte 1,5 millionar i kapital
I fjor sysselsette selskapet 22 årsverk. Mot slutten av fjoråret vart det gjort ei kapitalutviding som tilførte 1,5 friske millionar kroner.
Bak satsinga står Anita Bendiksen Rogne med 23,3 prosent av aksjane, medan Sjømatkompaniet eig 20 prosent. Andre aksjonærar er Aleksandrs Sapovals og Aleksejs Ablezevicsa, kvar med 13,3 prosent, samt Siv Berit Rogne, Kristina Ulvestad og Nikolai Hovland, kvar med ti prosent.
Den samla eigenkapitalen var ved utløpet av året på 0,8 millionar kroner, og den langsiktige gjelda 1,5 millionar.
Fisketorget Delikatesse | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 28,4 | 26,2 | |
Driftsresultat | -0,9 | 0,03 | |
Resultat før skatt | -1 | 0,05 |
Publisert: 15.05.2023 10:29
Sist oppdatert: 15.05.2023 10:27