Nytt
Millionvekst på knekkebrød
Apetitten på knekkebrød gir travle tider for bakeriet i Søvika.
07.07.2015
Goman Valaker bakar knekkebrød for Coop-butikkane i heile Noreg, og suksess med ein ny knekkebrødserie gjer at bakeriet auka salet fra 43 til nesten 57 millionar kroner i fjor (sjå tabell).
Knekkebrødsuksessen er også lønsam. Resultatet for 2014 er den beste selskapet har hatt sidan 2009, då Coop Norge Industri kom inn på eigarsida, og selskapet ventar gode resultat også framover, skriv styret i årsmeldinga for 2015. Seljarar var Valakerfamilien og Coop Orkla Møre, som sat på ein mindre aksjepost.
- Dei har vore flinke til å sjå kvar det er mogleg å få til auke i omsetninga, seier Sveine.
Sveine har ikkje tru på detaljstyring frå toppen.
- Viss du skal få til utvikling må du starte i kvar einskild bedrift, seier han.
Bakeriet sysselset 25 årsverk. Coop eig 50,01 prosent av aksjane. Resten er eigd av selskapa Liva Holding AS (knappe 33 prosent ) og Rune Valaker AS (knappe 17 prosent).
Liva Holding AS er eigd Liv-Anette Valaker Røren, Rune Valaker AS er eigd av Rune Valaker.
Konsernet Valaker Bakeri og Konditori hadde 45 millionar kroner i driftsinntekter og 4,6 millionar kroner i resultat før skatt i 2014.
Knekkebrødsuksessen er også lønsam. Resultatet for 2014 er den beste selskapet har hatt sidan 2009, då Coop Norge Industri kom inn på eigarsida, og selskapet ventar gode resultat også framover, skriv styret i årsmeldinga for 2015. Seljarar var Valakerfamilien og Coop Orkla Møre, som sat på ein mindre aksjepost.
Utvikla i Søvika
Administrerande direktør Torgeir Sveine i Coop Norge Industri seier knekkebrødsuksessen i stor grad spring ut av bakeriet i Søvika.- Dei har vore flinke til å sjå kvar det er mogleg å få til auke i omsetninga, seier Sveine.
Sveine har ikkje tru på detaljstyring frå toppen.
- Viss du skal få til utvikling må du starte i kvar einskild bedrift, seier han.
Aukar utbytte
Eigarane tek ut til saman 4,7 millionar kroner i utbytte etter det gode resultatet i 2014. Året før var utbyttet 2,2 millionar kroner.Bakeriet sysselset 25 årsverk. Coop eig 50,01 prosent av aksjane. Resten er eigd av selskapa Liva Holding AS (knappe 33 prosent ) og Rune Valaker AS (knappe 17 prosent).
Liva Holding AS er eigd Liv-Anette Valaker Røren, Rune Valaker AS er eigd av Rune Valaker.
Bakeriutsal-kjede
Liv-Anette Valaker Røren er dagleg leiar i konditori og bakeriutsal-kjeda Valaker Bakeri og Konditori, som driv 11 butikkar med 35 tilsette på Sunnmøre. Selskapet er eigd av Liva Holding (66 prosent) og Rune Valaker AS (34 prosent).Konsernet Valaker Bakeri og Konditori hadde 45 millionar kroner i driftsinntekter og 4,6 millionar kroner i resultat før skatt i 2014.
Publisert: 07.07.2015 15:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45