Jordbærplukkarar Valldal foto Ogne
UVISSE: Då våronna starta i år visste ikkje jordbærbøndene i Valldal om dei ville få tak i nok arbeidskraft til plukkesesongen. Det medverkar til at det kjem mindre bær frå Valldal i år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mindre bær frå Valldal i år

Plukkarane kom for seint.

20.07.2021

- Det har vore ein veldig utfordrande forsesong. Det har vore mykje meir krevjande i år enn i fjor, seier jordbær- og bringebærbonde Jan Ole Fuglem.

Fuglem er også styreleiar i Valldal Grønt, selskapet som tek i mot og vidaresender bær- og frukt frå bøndene i Valdal og området rundt.

Det som var krevjande i vår var uvissa om og når bøndene kunne få inn sesongarbeidarar frå utlandet. I år var innreiserestriksjonane strengare enn før sesongen 2020 og det var også uvisst om restriksjonane ville bli letta på.

La sesongen på is
Konsekvensen av uvissa var at bøndene måtte bestemme seg for om dei skulle gjennomføre våronna og bu seg på sesongen utan å vite om dei fekk tak i dei plukkarane som trengst.

Nokre få valde å hoppe over årets sesong, andre å satse på redusert drift og den siste gruppa på å gamble og førebu seg på at det ville bli råd å få inn nok sesongarbeidar.

1. juli vart det i praksis fritt fram for å kome til Noreg, men restriksjonane i forkant og den seine opninga gjorde at det var på plass for få plukkarar då den første varmen kom. Dermed gjekk bær til spille, som kunne ha blitt plukka med full bemanning.

Mindre bær
Valldal Grønt tok i mot 304 tonn i fjor. Så mykje blir det ikkje i år, etter dagleg leiar Harald Valle si vurdering.

Hittil i år her det levert over 110 tonn.

Jan Ole Fuglem sjølv hadde omlag ein tredjepart av sesongarbeidaren på plass då grensene vart opnar. av 32 tilsette i plukking kjem omlag 25 frå Polen, resten frå Noreg.

Nokre få av Fuglem sine faste plukkarar fann arbeid andre stadar på grunn av uvissa om det vart arbeid i Noreg eller ei, men han lukkast med å overtale dei fleste om å satse på Valldal også i år.

I fjor hausta han omlag 60 tonn med bær. Avlinga i år blir på omlag 70 prosent anslår han, men vil for eigen del ikkje forklare nedgangen med arbeidskraftmangel.

Det første varmebølgja gjorde det så hektisk dei to første vekene i juli at det uansett ville blitt svinn, ifølgje Fuglem.

Publisert: 20.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 19.07.2021 23:46

Mer om