Eldar Farstad Havfisk
KOMPENSERT: Prisauke har langt på veg kompensert fiskarane for den negative verknaden av at kvotane er redusert. Det gjeld også for Eldar Farstad (biletet), som er sjef for Lerøy Havfisk og ein flåte på ti trålarar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mindre fisk, høgare pris

Nesten dobla pris på torsken i løpet av tre år for Lerøy Seafood Group.

24.02.2026

Villfisksegmentet i Lerøy Seafood Group auka både inntekta og lønsemda i fjor, sjølv om fangsten gjekk ned (sjå tabell under). 

Det er fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk i Ålesund som er fiskeriselskapet i Lerøy Seafood Group-konsernet. Det hadde ein fangstreduksjon på 11,2 prosent frå 2024 til 2025 går det fram av kvartalsrapporten for 4. kvartal. 

Samstundes steig prisen på torsk -  som er det økonomisk viktigasta fiskeslaget - frå 60,7 til 80,3 kroner kiloen frå 2024 til 2025. Det er ein auke på 32 prosent. Så seint som i 2022 fekk reiarlaget i gjennomsnitt 44,3 kroner kiloen for torsken. 

Også sei (+ 84 prosent) og hyse (+58 prosent) steig i pris frå 2024 til 2025, ifølgje kvartalsrapporten.

"Ekstremt utfordrande"
Villfisksegmenet i Lerøy Seafood Groupo omfattar også fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafoods. Dei driv 10 mottak- og filetindustrianlegg  i Nord-Noreg. For Lerøy Norway Seafoods er raskt stigande og høge prisar kombinerte med liten fangst, eit stort problem. 

«Ekstremt utfordrande driftstilhøve» kallar Lerøy Seafood Group situasjonen for landindustrien.

Prisfall på laks
Gjennomsnittsprisen på oppdrettslaks - som er hovudinntektskjelda til konsernet -  var lågare i 2025 enn i 2024 og det reduserte også lønsemda.

Prisnedgangen i fjor skuldast gode veksttilhøve i sjøen, som auka produksjonen og pressa lakseprisane ned. 

Dei gode tilhøva i sjøen har så langt halde fram i år.

«Fortsatt god biologisk utvikling gir høye slaktevolum og påvirker laksepriser også i starten av 2026. Dette gir lavere inntjening på kort sikt, men den gode biologien er positiv på lengre sikt», skriv Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten. 

Lerøy Seafood Group ASA  
Per 4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt34363,831124,7
Driftsresultat1059,22964,3
Resultat før skatt299,62554,1
   
Lerøy Seafood Group ASA  
4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt8831,68477,1
Driftsresultat811,81265,0
Resultat før skatt606,01095
   
   
Lerøy Seafood Group ASA  
Villfisksegmentet  
Per 4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt3207,62626,3
Driftsresultat269,9129,9
Fangst i tonn5767564991
   
Lerøy Seafood Group ASA  
Villfisksegmentet  
4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt691,9510,0
Driftsresultat-29,45,7
Fangst i tonn7579803

Publisert: 24.02.2026 07:37

Sist oppdatert: 11.05.2026 16:05

Mer om