Mindre inntekt, betra lønsemd
Hotellet miste over ein fjerdepart av inntektene under pandemien. Snudde likevel underskot til overskot.
Både i 2018 og 2019 hadde Volda Turisthotell 7,7 millionar kroner i driftsinntekter. I 2020 og 2021 var driftsinntektene høvesvis 5,4 og 5,5 millionar kroner.
I åra 2018 og 2019 gjekk hotellet med tilsaman 1,7 millionar kroner.
Både i fjor år året før blei det plussresultat, som det går fram av tabellen under.
Det er først og fremst kutt i lønskostnadane i koronåra som er forklaringa på at lønsemda auka sjølv om inntektene minka.
I 2019 var lønskostnadande til Volda Turisthotell 4,4 millionar. I 2020 blei dei kutta til 2,6 millionar kroner og i 2021 til 1,8 millionar.
Eiliv Halkjelsvik er største aksjonær i hotellselskapet.
I følgje årsmelding for 2021 har resultatforbetringa halde fram i 2022.
Publisert: 10.10.2022 13:08
Sist oppdatert: 10.10.2022 13:35