Mindre skrap fraa industrien
MEIR ARBEID: Vartdal Gjennvining har fått meir å gjere trass i år, sjølv om industrien har sett ned tempoet.
Nytt

Mindre skrap frå industrien

Vartdal Gjenvinning sine faste leverandørar i industrien fyller ikkje skrapkontainarane like fort som før.

01.07.2015
- Vi merkar at industrien er litt tregare, seier marknadssjef Gunnar Olsen i Vartdal Gjenvinning.
Selskapet kjøper skrapmetall, kvernar og rensar det før det blir seld og sendt til resirkulering, mellom anna til jernverket i Mo i Rana.
Når industrien har mindre å gjere blir det mindre skrapmetall til Vartdal Gjenvinning, og det er det som har skjedd i år.

Meir arbeid

Trass i mindre fart i industriproduksjonen ligg Vartdal Gjenvinning likevel an til å få meir å gjere i år. Det skuldast meir skrap frå ein kombinasjon av riving og ombyggingar.
- Ryddejobbar er det veldig mykje av i år, seier Olsen.

Tente på svingingar

I år har prisen på skarpmetall vore svært stabil. I fjor var det store svingingar, som Vartdal Gjenvinning kom heldig ut av.
- Vi var heldige og selde då det var bra prisar, seier Olsen (sjå tabell).

3000 bilar

Det er kjøp, handtering og sal av skrapmetall frå industrien som er hovudverksemda til Vartdal Gjenvinning, men selskapet tek mellom anna og i mot rundt 3000 bilar i året.
I tillegg til hovudanlegget på Vardal i Ørsta har selskapet avdeling i Florø, Ålesund og Kristiansund. Spesielt anlegget i Florø tek mot mykje avfall frå offshoreindustrien.
Selskapet er eigd av to selskap i gjenvinningsbransjen,m Hermod Teigen as i Drammen og Stensli Gjenvinning as i Brumundal. Vartdal Gjenvinning har 11 tilsette, sju av dei på Vartdal.
Vi merkar at industrien er litt tregare

Publisert: 01.07.2015 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45