Silje Vollan
KRYMPA SELSKAP: Silje Vollan er medeigar og dagleg leiar i Tonning & Stryn. Selskapet blei etablert ved at Tonning Møbelfabrikk og Stryn Møbelindustri slo seg saman i 2013. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Minusår for Tonning & Stryn

Har gått med underskot i fem av ti år.

30.05.2023

Etter at Tonning Møbelfabrikk og Stryn Møbelindustri slo seg saman til Tonning & Stryn i 2013 har selskapet skifta mellom underskot og underskot.

I fjor blei det eit nytt minusår, det femte i sidan 2013. Tilsaman har selskapet eit resultat før skatt på minus ein halv million kroner dei siste åra.

I 2013 hadde det samanslåtte selskapet 15 millionar kroner i driftsinntekter. I 2015 hadde driftsinntekten falle til 12 millionar kroner, og sidan har driftsinntektene svinga rundt 12 millionar kroner, med 10,7 millionar (2019) og 12,3 (2018) som det lågaste og høgaste.

Færre tilsette

Tonning & Stryn leverer møblar i ei høg prisklasse og sel gjennom frittståande møbelhandlarar.

Det er mykje handverk i produksjonen.

I 2022 sysselsette selskapet 7,6 årsverk. I 2014 hadde selskapet 14 tilsette.

Selskapet har fire aksjonærar, der Svein Nore og familie og dagleg leiar Silje Vollan og familie er dei største.

NETT No har ikkje lukkast å få ein kommentar til rekneskapet frå Silje Vollan.

Tonning & Stryn as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt11,012,1
Driftsresultat-0,20,4
Resultat før skatt-0,50,3

Publisert: 30.05.2023 13:44

Sist oppdatert: 30.05.2023 13:44

Mer om