Volda turisthotell
MINUS: Volda Turisthotell har gått i minus fem av dei siste sju åra.
Nytt

Minusår for Volda Turisthotell

Etter to år i pluss, er det vesentleg uvisse om vidare drift etter nytt underskot i fjor.

28.08.2023

I koronaårat 2020 og 2021 gjekk Volda Turisthotell med overskot, etter at selskapet før kononapandemien kom hadde tapt pengar i fire år på rad.

Underskota tæra på eigenkapitalen og frå og med 2018 har hotellselskapet hatt ein negativ negativ eigenkapital. Overskota i 2020 og 2021 var ikkje høge nok til å få eigenkapitalen på pluss-sida, og ved utløpet av 2022 var den på minus 2,7 millionar kroner.

Verdiar i bygget
Det er vesentleg uvisse om vidare drift skriv styret i årsmeldinga for 2022, og viser til at selskapet går med underskot og har svak likviditet.

Styret meiner den reelle eigenkapitalen i selskapet er positiv fordi marknadsverdien av eigedomen kan vere høgare enn den bokførte verdien.

"Selskapet har fokus på kostnadsbesparende tiltak og effektivisert drift for å forbedre resultatene fremover", heiter det i årsmeldinga.

Hotellselskapet sysselssette sju årsverk i 2022 og fem årsverk i 2021.

Volda Turisthotell as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt6,55,5

Driftsresultat

0,40,5
Resultat før skatt-0,10,3

Publisert: 28.08.2023 09:30

Sist oppdatert: 28.08.2023 12:40