Minus for Hexagon
BREMS: Kundar som stengte produksjonen gjorde at konsernsjef Jon Erik Egenset hadde fabrikken til Hexagon Composites i Tyskland stengt frå 23. mars til 20 april.
Nytt

Minus for Hexagon

Koronaepidemien og fabrikkflytting hos Volkswagen dreg resultatet ned.

20.05.2020
Hexagon Composites-kunden Volkswagen flyttar produksjonslina si for gassdrivne mindre køyrety. Det betyr stopp i produksjonen og mindre inntekter i 1. kvartal, og er ein situasjon som held fram også i 2. kvartal, skriv Hexagon Composites i kvartalsrapporten for 1. kvartal 2020.
I tillegg har koronaepidemien slått negativt ut. Konsekvensen er negativt driftsresultat, medan ein bokført transaksjongevinst på 69 millionar kroner knytt til datterselskapet Agility Fuel Solutions gir overskot før skatt.

Drivstofftankar for mindre køyrety er ein del av forretningsområdet Hexagon Purus, som også omfattar tankar og system for hydrogendrivne køyrety. Forretningområdet fekk eit driftsresultat på minus 54 millionar kroner, mot minus 24,2 millionar kroner i 1. kvartal 2019 og det er underskotet her som er hovudårsaka til at Hexagon Composites fekk eit negativt driftsresultat på 24 millionar kroner i 1. kvartal i år mot pluss 94 millionar kroner i 1. kvartal 2019 (sjå tabell).

Børsnotert

Hexagon Composites er eit børsnotert selskap med hovudkontor i Ålesund og produksjon i USA, Tyskland og på Raufoss i Noreg. Selskapet lagar drivstofftankar og -system for naturgass og hydrogen, men er for nordmenn flest mest kjent for sin berbare gassbehaldarar i kompositt til bruk i gassgrillar.
Det største forretningsområdet er drivstofftankar og -system for mellomstore og større køyrety, som er organisert gjennom datterselskapet Agility Fuel Solutions. Dette forretningområdet sto for 460 av Hexagon Composites 825 millionar kroner i driftsinntekter i 1. kvartal. Agility Fuel Solutions hadde eit driftsresultat på 13,4 millionar kroner i 1. kvartal, mot 26,4 millionar kroner i 1. kvartal 2019.

Svingande kursutvikling

Ved starten av 2020 var aksjekursen i Hexagon Composites 38 kroner per aksje. Før børsen opnar i dag er den 27,52 kroner og i mellomtida har den vore nede i 19,86. Dagens kurs verdset selskapet til fem milliardar kroner.
Selskap eigd av Flakk-familien eig 15,6 prosent av selskapet. Japanske Mitsui & Co er største aksjonær, med 25 prosent.

Publisert: 20.05.2020 08:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57