I koronaårat 2020 og 2021 gjekk Volda Turisthotell med overskot, etter at selskapet før kononapandemien kom hadde tapt pengar i fire år på rad.
Underskota tæra på eigenkapitalen og frå og med 2018 har hotellselskapet hatt ein negativ negativ eigenkapital. Overskota i 2020 og 2021 var ikkje høge nok til å få eigenkapitalen på pluss-sida, og ved utløpet av 2022 var den på minus 2,7 millionar kroner.
Verdiar i bygget
Det er vesentleg uvisse om vidare drift skriv styret i årsmeldinga for 2022, og viser til at selskapet går med underskot og har svak likviditet.
Styret meiner den reelle eigenkapitalen i selskapet er positiv fordi marknadsverdien av eigedomen kan vere høgare enn den bokførte verdien.
"Selskapet har fokus på kostnadsbesparende tiltak og effektivisert drift for å forbedre resultatene fremover", heiter det i årsmeldinga.
Hotellselskapet sysselssette sju årsverk i 2022 og fem årsverk i 2021.
Volda Turisthotell as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 6,5 | 5,5 |
Driftsresultat | 0,4 | 0,5 |
Resultat før skatt | -0,1 | 0,3 |
Publisert: 28.08.2023 09:30
Sist oppdatert: 28.08.2023 12:40