Misfornoegd med nordmenn som jordbaerplukkarar
JORDBÆR: Fleire jordbærbønder seier nordmenn ikkje klarer å halde ut i ein fysisk krevjande jobb som jordbærplukking.
Nytt

Misfornøgd med nordmenn som jordbærplukkarar

- Dei får vondt her og der og gidd ikkje. Dei har det for godt.

30.07.2020
NPK: Fleire jordbærbønder seier nordmenn ikkje klarer å halde ut i ein fysisk krevjande jobb som jordbærplukking.
– Etter kvart som velstanden har auka skal folk på ferie, og ditt og datt. Dei vil ikkje gjere denne jobben. Dei får vondt her og der og gidd ikkje. Dei har det for godt, seier jordbærbonde Helge Pettersen til

Halvparten slutta

Han meiner situasjonen har endra seg dei siste 10–15 åra. Før var det lange ventelister på ungdom som ønskte seg jobb, no er det stort sett utlendingar som vil arbeide i åkeren.
Jordbærbonde Kristen Steinsland i Vennesla er einig med kollegaen. I sommar hadde han om lag 40 jordbærplukkarar, men rundt halvparten slutta.
– Den første gav seg den første dagen, etter å ha plukka sju korger. Då hadde han veldig vondt i ryggen. Men andre var som maur og heldt på heile tida, seier Steinsland.

Publisert: 30.07.2020 12:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00