Nytt
Misser forhandlarstatus - lovar tøff konkurranse
Like før jul i 2019 fekk bilforhandlar Per Magne Mork melding om at han ikkje lenger får vere Kia- og Peutgotforhandlar i Volda. Mork lovar kamp om sine gamle kundar.
14.01.2020
Mork eig Volda Bil, som har vore Peugotforhandlar i 40 år, og Volda Bilsenter, som har vore Kiaforhandlar sidan 1994. No har han to års oppseiingstid, altså ut 2021.
Det er Bertel O. Steen som sit med importørrettane for både Kia og Peugot, i tillegg til Mercedes, Citröen og Opel.
Bertel O. Steen eig og driv ein Citröen-forhandlar i Volda, men skal flytte til nye lokale i Ørsta, som no også selje Kia og Peugot.
Han presiserer at det er avtalen om å selje nye Kia- og Peugotbilar som er sagt opp, ikkje avtalen om å vere serviceverkstad.
Mork vil halde fram som serviceverkstad både for Kia- og Peugot i Volda, og vurderer og å søkje godkjenning som serviceverkstad for Citröen, i tillegg til å drive utleige av bilar og sal av brukte bilar.
Mork har og ei tredje bilforretning, Vest Auto på Nordfjordeid. Den er både Kia- og Peugotforhandlar, og avtalen der er ikkje oppsagt. Mork si vurdering er at han vil klare å halde på ein god del av nybilkundane på søre Sunnmøre gjennom forretninga på Nordfjordeid.
I 2018 selde dei tre forretningane for til saman 97 millionar kroner. Volda Bil var den tredje mest lønsame personbilforhandlaren på Nordvestlandet, og også Vest Auto hadde ei lønsemd over gjennomsnittet.
Det er Bertel O. Steen som sit med importørrettane for både Kia og Peugot, i tillegg til Mercedes, Citröen og Opel.
Bertel O. Steen eig og driv ein Citröen-forhandlar i Volda, men skal flytte til nye lokale i Ørsta, som no også selje Kia og Peugot.
Satsar vidare
- Kynisk, seier Mork om avgjerda frå Bertel O. Steen-konsernet.Han presiserer at det er avtalen om å selje nye Kia- og Peugotbilar som er sagt opp, ikkje avtalen om å vere serviceverkstad.
Mork vil halde fram som serviceverkstad både for Kia- og Peugot i Volda, og vurderer og å søkje godkjenning som serviceverkstad for Citröen, i tillegg til å drive utleige av bilar og sal av brukte bilar.
Mork har og ei tredje bilforretning, Vest Auto på Nordfjordeid. Den er både Kia- og Peugotforhandlar, og avtalen der er ikkje oppsagt. Mork si vurdering er at han vil klare å halde på ein god del av nybilkundane på søre Sunnmøre gjennom forretninga på Nordfjordeid.
97 millionar
Per Magne Mork eig dei tre bilforretningane sine gjennom selskapet Mork Invest, som og investerer i eigedom.I 2018 selde dei tre forretningane for til saman 97 millionar kroner. Volda Bil var den tredje mest lønsame personbilforhandlaren på Nordvestlandet, og også Vest Auto hadde ei lønsemd over gjennomsnittet.
Publisert: 14.01.2020 14:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50