Mjelva Utlendingar uteblir i 2021
UVISSE: Monja Mjelva (til venstre) etterlyste avklaring om støttetiltaka for reiselivsnæringa, eit avklaring som stortingsrepresentant Helge Orten (ståande, ved vindauget) ikkje hadde med då han presenterte statsbudsjettet på eit møte i regi av Adviso i Ålesund i dag.
Nytt

Mjelva: Utlendingar uteblir i 2021

Besøkande frå USA, Australia og Asia utgjer over halvparten av inntektene frå Hotel Union Geiranger sine utanlandske kundar. Dei gjestane kjem ikkje neste år heller seier Monja Mjelva.

07.10.2020
Ho driv hotellet saman med ektemannen Sindre.
- Alle gir beskjed om at i 2021 kjem vi ikkje tilbake, sa Mjelva om tilbakemeldinga frå turoperatørane i USA, Australia og Asia på eit møte om statsbudsjettet i regi av advokatfirmaet Adviso og First House i Ålesund onsdag.
Ho etterlyser både ei avklaring om statleg kompensasjonsordning til reiselivet i haust, og ein auke og vidareføring av støttetiltak inn i neste år.
Omlag halvparten av inntektene til hotellet kjem frå utanlandske kunder, der amerikanarar, australiarar og asiatar er den viktigaste gruppa.

Fekk ikkje avklaring

Den avklaringa Mjelva ønskte seg kom ikkje på møtet, men stortingsrepresentant Helge Orten frå Høgre sa at det kunne kome nye tiltakt, sjølv om dei ikkje kom i statsbudsjettet som er lagt fram i dag.
- Eg trur ikkje du skal oppfatte statsbudsjettet som ein fasit, sa Orten.
I forslaget til statsbudsjett neste år foreslår også regjeringa å.

Pengane i 2021

I september la næringsminister Iselin Nybø (V) fram ei ny kompensasjonsordning på inntil éin milliard kroner for reiselivsbedrifter.

Den nye ordninga skal gjelde frå september til og med desember 2020 og inneber at staten dekkjer ein del av dei faste, uunngåelege utgiftene i reiselivsbedrifter som har stort omsetjingsfall.
– Når vi går frå ei ordning administrert av Skatteetaten som har vore automatisert, til ei meir spissa ordning, må det vere manuell behandling. Utbetalingane vil ikkje skje før i starten av 2021, seier Nybø.

Publisert: 07.10.2020 21:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03