Mobiliserer for flyplassen
SAMLAR POLITIKARAR: Odd Magne Vinjevoll (innfelt) i Utviklingsforumet for Hovden flyplass inviterer til folkemøte for å oppretthalde rutetilbodet.
Nytt

Mobiliserer for flyplassen

Topp-politikarar frå regjeringsparti og opposisjon til folkemøte.

26.08.2020
Utviklingsforumet for flyplassen har invitert topp-politikarar frå både regjeringsparti og opposisjon til Ørsta for å diskutere rutekutt på Hovden Lufthamn i Ørsta/Volda.
Når krisestøtta til flytrafikken fell bort 1. oktober vil Widerøe kutte to av tre direkteruter frå Hovden til og frå Oslo. Ei katastrofe for næringslivet i regionen, sa Odd Magne Vinjevoll då Widerøe varsla dei komande rutekutta i ei pressemelding 19. august i år.
Vinjevoll er sekretær for Utviklingsforum Hovden Lufthamn og leiar for Ørsta Næringskontor. Utviklingsforumet er ein samarbeidsorgang for brukarane av flyplassen.

Tre fly om dagen

Tilbodet etter 1. oktober blir ei morgonrute til Oslo eller Bergen, med mellomlanding og eventuelt flybytte i Sogndal, eit direkteflyging til Oslo om formiddagen og ei direkterute til Bergen seint om ettermiddagen. Tre fly vil lande om kvardagane. Det første landar om formiddagen, med passasjerar frå Oslo og Bergen, som har mellomlanda i Sogndal. Seint på ettermiddagen kjem direkteflyet frå Oslo og om kvelden direkteflyet frå Bergen.
På det meste hadde flyplassen seks daglege avgangar til Oslo.

Widerøe-sjefen kjem

Fredag ettermiddag, 28. august, samlar Utviklingsforumet for Hovden Lufthamn politikarar og flyplassbrukarar til folkemøte i Ørsta Samfunnhus.
Tema for møtet er rutetilbodet, nivået på flyreiseavgiftene og om direkterutene til og frå Oslo skal drivast på rein kommersiell basis, eller om dei skal få statsstøtte, som dei hadde fram til våren 2016.
Blant innleiarane er administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe og Helge Orten, leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Også brukarar av flyplassen, frå offentlege institusjonar og privat næringsliv, skal halde innlegg.

Samlar topp-politikarar

I tillegg til Orten vil fleire stortingsrepresentantar delta; Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum og partikollega Jenny Klinge, Frp-leiar Siv Jensen og partikollegaene Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale saman med fylkespolitikarane Kristin Sørheim og Veida Kjølmoen.
Vinjevoll seier han håpar flyplassen i Ørsta/Volda i første omgang får forlenga støttetiltaka på grunn av koronakrisa ut året, og at det i mellomtida blir gjort ei vurdering av avgiftsnivå og om flyrutene til Oslo skal bli omfatta av støtteordningane dei var omfatta av før 2016.

Publisert: 26.08.2020 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01