Momentium inn i konferansemarknaden
NY MARKNAD: Lars Berg Giskeødegård  (t.v) og Ante Giskeødegård utvidar verksemda og går inn i konferansemarknaden. 
Nytt

Momentium inn i konferansemarknaden

Momentium-gründarane Lars og Ante Giskeødegård satsar på å etablere tre-fire næringslivskonferansar i året.

08.03.2017

Til våren står Momentium som arrangør av fiskerikonferansen "The next wave", i fjor arrangerte dei konferansen "En dag på jobben". I haust står dei og for avviklinga av Region Ålesund sin regionutviklingskonferanse "The North West" i Ålesund.

Dette har gitt meirsmak, og gjennom datteselskapet Momentium Event er målet å arrangere tre-fire næringslivskonferansar kvart år. Konferansen skal spissast mot eitt tema eller ein bransje, med utgangspunkt i næringslivet på Nordvestlandet.

Momentium Event skal og jobbe med arrangement for bedrifter. Fysiske møteplassar er viktig, også etter at sosiale media har gjort sitt inntog.

- Vi trur at den typen konferansar og arrangement kjem til å bli meir og meir av framover, sa Lars Berg Giskeødegård i eit fordrag for Styreakademiet Sunnmøre denne veka. Saman med søskenbarnet Ante eig og driv han Ante og Lars Holding, der festival- og konsertarrangøren Momentium er det største og mest kjente selskapet.

Base på Giske
"En dag på jobben" blei arrangert i Øygardshallen, den tidlegare kjøkkeninnreiingsfabrikken på Giske, som og er ein del av Ante og Lars Holding-konsernet gjennom datteselskapet Øygardshamna. Der skal og "The next wave" gå av stabelen og det blir også basen for framtidige konferansar.

Øygardshallen husa i fjor også Innotown-konferansen og har nettopp fått dobla kapasiteten med hall nummer to for konferansar og større arrangement.

Tussa la også sin IT-konferanse dit i fjor.

Rom for meir
Ideen og initiativet til "The next wave", som har innovasjon i fiskerinæringa som tema, kom frå Giske kommune og fiskerimiljøet i Giske. Dei inviterte Momentium inn for å stå for sjølve konferansen.

Tidlegare i år har Sparebanken Møre hatt sitt årlege investorseminar "Børs og Bacalao", Haramskonferansen i Haram hadde statsministeren på besøk, i april går Næringskonferansen Søre Sunnmøre av stabelen, i mai er det tid for Innotown i tillegg til "The next wave" og i juni skal Sparebank 1 SMN halde sin årlege konferanse og Fosnavågkonferanse arrangerast.

Berg Giskeødegård meiner det likevel er rom for meir og seier dei jobbar med fleire konkrete idear til nye konferansar.

100 millionar
I år anslår han at selskapa Ante og Lars Holding-konsernet er involvert i vil passere 100 millionar kroner i driftsinntekter.

I konsernet ligg fleire heil eller deleigde selskap, blant dei billetteringselskapet Tikkio, programmeringselskapet Kodebyraaet, lydstudioet Ocean Sound Recordings, musikkscena Terminalen Byscene og bryggeriet Molo Brew som er under oppbygging.

I alt er det tilsaman 80 årsverk i selskapa, cirka 50 av dei har arbeidsplassen sin på Giske.

Oppslutninga om Jugendfestivalen, Sommarfesten på Giske, Ålesund Live og fleire stor konsertar, den siste med Bryan Adams, opnar nye dører.

Hittil har Momentium konsentrert seg om å arrangere konsertar og festivalar i Ålesund. I september i år tek dei steget inn i musikkfestivalbransjn i Stavanger, etter å ha blitt invitert inn som ein av partnarane i Utopia-festivalen.

- Det er konsekvensen av at folk har sett til Ålesund, og sett kva som har skjedd, seier Berg Giskeødegård.

Vi trur at den typen konferansar og arrangement kjem til å bli meir og meir av framover

Publisert: 08.03.2017 14:55

Sist oppdatert: 10.02.2023 23:38