Momentium lanserer industridesignkonferanse
KONFERANSEN NUMMER TO: I fjor arrangerte Lars Berg Giskeødegård og Ante Giskeødegård fiskerikonferansen "The Next Wave" for første gang. I år kjem dei med industridesignkonferanse i tillegg.
Nytt

Momentium lanserer industridesignkonferanse

I oktober samlar Momentium det norske industridesignmiljøet til konferanse på Giske.

23.07.2018
Momentium-gründerane Ante og Lars Berg Giskeødegård varsla i fjor at at dei ville etablere tre-fire næringslivskonferansar i året. No er dei oppe i to.

I fjor arrangerte dei fiskerikonferansen "The Next Wave" for første gang.

"The Next Wave" skal arrangerast på nytt 3. mai i år, og vil i første omgang få følgje av ein nasjonal industridesignkonferanse. Begge konferansane skal arrangerast i Øygardshallen på Giske.
Industridesignkonferansen i oktober skal lanserast hos Åkp i Ålesund torsdag 5. april.
Industridesignkonferansen er eit samarbeid mellom Momentium, NTNU og Åkp. I tillegg er målet å få med fleire lokale bedrifter med eit sterkt designmiljø som samarbeidspartnar på konferansen.

Publisert: 23.07.2018 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20