Moods grunnleggar kjoeper fraa konkursbo
KJØPER VARELAGER. Nesten alle Superdry-butikkane er konkurs og Jan Egil Flo (til venstre) har kjøpt varelageret. Her er saman med Simen Staalnacke, ein av medgrunnleggarane av Moods of Norway. Flo og Staalnacke var sentrale då Moods of Norway-buet blei kjøpt etter konkursen i 2017 og i på drive selskapet vidare.
Nytt

Moods-grunnleggar kjøper frå konkursbo

Moods of Norway-grunnleggaren Jan Egil Flo kjøper varelageret etter Superdry-konkursen.

15.10.2019
Med eitt unntak er alle butikkane som selde Superdry-klede konkurs, . Kjøparen er Jan Egil Flo, ein av grunnleggarane av Moods of Norway.
Han vil ikkje opplyse kva han betalte for varelager, som no skal ut på opphørssal.

Kjøpte tilbake

Moods of Norway, med hovudkontor i Stryn, blei ein vekstrakett i norsk motebransje. Men motoren slokna og i 2017 gjekk Moods of Norway konkurs.

Same haust kjøpte grunnleggarane, med Flo i spissen, buet i konkurranse med fleire andre.
- Vi har kjøpt tilbake heile konkursbuet, Brandstad-kjeden, Moods USA, Moods Sverige, varelager, innbu .... og varemerket, sjølvsagt. Alt! sa Jan Egil Flo

Selde med gevinst

Grunnleggarane satsa på å reetablere Moods-merket og drive vidare, men i mindre skala enn før konkursen.

Dei fekk mellom anna drahjelp av eit godt resultat frå salet av varelageret som var ein del av konkursbuet.


Publisert: 15.10.2019 12:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41