Mot gamle hoegder med nye sentrumsbygg
NYTT HELSEHUS: Prosjektleiar Petter Rise (t.v.) for det nye helsehuset (innfelt) på Hareid og dagleg leiar Lars-Ove Mork i Rise Bygg.
Nytt

Mot gamle høgder med nye sentrumsbygg

I år skal Rise Bygg gjere ferdig to bygg som vil prege sentrum av Hareid og Ulsteinvik i mange år framover. 

Marius Rosbach
24.01.2020

På Hareid er det no hektisk aktivitet med bygging av nytt helsehus midt i sentrum. Rise Bygg er totalentreprenør for bygget som skal vere ferdig kring årsskiftet.

Dagleg leiar Lars-Ove Mork fortel at dei ligg kring ei årsomsetning i prosjektet, men påpeiker at det strekk seg over fleire år.

– Dette er eit stort løft for Hareid og vi synest vi er heldige som får lov til å bygge helsehuset, seier han til NETT NO.

Les også: Hareidshandelen vekstvinnar på øya

Helsehus på 5000 kvadratmeter
Helsehuset blir på kring 5000 kvadratmeter – inkludert ein parkeringskjellar med nær 40 plassar. På gateplan blir det bibliotek med store vindauge. Oppover i etasjane blir det helsestasjon, legesenter, fylkestannlege og Nav-kontor.

To av tre etasjar har no reist seg og prosjektleiar Petter Rise har mellom 10 og 15 tilsette i sving på byggeplassen for augneblinken.

– No er det tømrar- og betongarbeid og frå mars og utover kjem andre fagfolk inn. På det mest hektiske vil det jobbe kring 50 arbeidarar her, fortel Rise til NETT NO.

Ferdig ved årsskifte
Rise peikar kvar det blir nedkøyring til parkeringskjellar og ambulanseinngong frå Strandgata og korleis det blir publikumsinngong frå «baksida» i Kjøpmannsgata.

– Oppstarten av sjølve bygginga var sommaren 2019 og vi skal vere ferdig 1. januar 2021, seier Rise.

Prosjektet er ein sokalla samspelkontrakt, som betyr at byggefirmaet har vore inne i bilde frå starten og kome fram til løysingar saman med Hareid kommune.

Stort bustadprosjekt i Ulsteinvik
I nabokommunen er dei snart ferdige med sitt andre store prosjekt for tida – Bjørndalen Park i Ulsteinvik sentrum. 43 leilegheiter fordelt på tre bustadblokker – med ei stor bytrapp mellom to av bygga.

– Det skal vere klart til 1. april og er eit vellukka og spennande bustadprosjekt for Ulsteinvik, seier dagleg leiar Lars-Ove Mork.

Det er Rome AS som står bak bustadprosjektet i Ulsteinvik. På få år er det sentrale sentrumsområde knapt til å kjenne att. Bustadbygget har reist seg på tomta der det sist låg ein YX bensinstasjon tvers overfor Ulstein Arena. På andre sida av vegen ligg Blåhuset kjøpesenter.

Ny vekst i tilsette
Som mange andre i byggebransjen har Hareid-firmaet vore gjennom nokre tøffe år. Seinast denne veka åtvara Sparebank1 SMN i sin bransjeindikator for situasjonen i byggebransjen.

Les også: Bekymra for bygg- og anleggsbransjen

– Byggebransjen balanserer på ein knivsegg med små marginar på dei fleste aktørane. Det er ein kamp heile vegen for å klare å tene det vi skal, og ligge på rett side. Men no peiker pilane oppover og vi har tru på framtida, fortel Mork.

Arbeidsstokken har svinga i takt med resultata. På det meste for nokre år sidan hadde bedrifta nær 40 tilsette, men talet gjekk ned til drygt 20 i den tøffaste tida.

– No har vi igjen tilsett nokre nye, og er oppe i kring 30 tilsette, seier Mork.

Auka omsetninga i fjor
Etter å ha vore oppe og snust på ein omsetning på 100 millionar, peika pilane nedover frå 2015. 2016 enda med eit underskott før skatt på nær seks millionar.

I 2017 og 2018 var dei tilbake på plussida i rekneskapane med omsetning på 68 og 56 millionar. I fjor peika pilane vidare opp. Rekneskapen for 2019 er ikkje levert enno, så Mork vil ikkje gå ut med dei eksakte tala.

– Men vi hadde høgare omsetning i 2019 enn åra før - og det går i pluss, fortel han.

Les også: Har selt store delar av bustadprosjekt

Snart ferdig med setningsskade ved Sjøsida

Vil ha meir ja-haldning i byggesaker

Svakere fra Mostein – men venter gevinst fra flere byggeprosjekt

Det er ein kamp heile vegen for å klare å tene det vi skal, og ligge på rett side. Men no peiker pilane oppover og vi har tru på framtida

Publisert: 24.01.2020 14:12

Sist oppdatert: 29.06.2021 15:31