Mot kanadisk loeysing paa Kleven
GREEN YARD KLEVEN: Kanadiske Atlantic Towing vil likevel ferdiggjere denne PSV-en ved Kleven. Det vert i så fall første kontrakten etter overtakinga av Green Yard.
Nytt

Mot kanadisk løysing på Kleven

Green Yard Kleven er nær ein avtale med Atlantic Towing om ferdiggjering av ein PSV. Dette er godt nytt for dei verftstilsette.

29.07.2020
Skroget til forsyningsskipet ligg ved Kleven, og verftsdirektør Kjetil Bollestad og verftseigar Hans Jørgen Fedog har tidlegare opplyst at ein ny kontrakt på forsyningsskipet er avgjerande for kor mange og kor fort tilsette kjem tilbake til verftet.
No opplyser kjelder til NETT NO at kanadiske Atlantic Towing likevel har bestemt seg for å gjere ferdig skipet ved Kleven etter at selskapet kansellerte kontrakten tidlegare i juli.

Fem månader arbeid

Ein fornya kontrakt vil medføre rundt fem månader arbeid for Green Yard Kleven, som Kleven no heiter etter overtakinga av Kvinesdal-baserte Green Yard.

Hans Jørgen Fedog stadfestar ikkje NETT NO sine opplysningar.
"Vi jobber bredt med flere alternativer", skriver Fedog i ein sms til NETT NO.

Kansellert etter konkurs

PSV-en skulle etter planen vere leveringsklar til hausten, men det kanadiske selskapet kansellerte kontrakten etter at Kleven Verft gjekk konkurs.
Skipet vart opphavleg bestilt i 2014 av islandske Fafnir Offshore, og skulle etter planen byggjast ved Havyard Leirvik.
Avtalen vart deretter utsett fleire gongar, før Fafnir trekte seg i januar 2017. Etterpå overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing kontrakten på skipet, men det blei igjen store forseinkingar ved Havyard-verftet i Leirvik i Sogn.
I mars blei det kjent at Kleven overtok skrog- og skipsbyggingskontrakten, som i tillegg inngjekk ny kontrakt med reiarlaget.

Høg isklasse

Skipet er av designtypen Havyard 833 WE. Ifølgje opplysningar frå Havyard er skipet ein energieffektiv PSV med stor lastekapasitet, 1000 kvadratmeter arbeidsdekk og innreiing for 54 personar.
Fartøyet vil blant anna få isklasse ICE-1B for operasjon i kalde farvatn, og ein 650 kW batteripakke vil sørge for lavt dieselforbruk.
Selskapet Atlantic Towing er kanadas største offshorereiarlag med 13 offshoreskip og fleire andre skip. Hovedkontoret ligg i Saint Johns.

Skipet de har kjøpt er av

Publisert: 29.07.2020 13:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00