Motormangel for Stressless
UT TIL KUNDANE: Ny Ekornes-sjef Roger Lunde (t.h.) har auka sal som hovudmål. Det sa han etter å ha møtt dei tilsette, mellom anna Vegard Goksøyr som jobbar i robotproduksjonen, då han blei introdusert som ny Ekornes-sjef tidlegare i februar.
Nytt

Motormangel for Stressless

Få Stressless-modellar med innebygd motor gjer at møblane har tapt marknadsandelar.

27.02.2020
Samanlikna med 2019 har salet av Stressless-stolar og -sofaer falle med ni prosent i Sør-Europa i 2019, fem prosent i Nord-Amerika og to prosent i sentral-Europa.
Stressless-møblane er hovudproduktet til Ekornes.
I tillegg til ein generell tøff marknad og hard konkurransen i den europeiske marknaden taper Stressless marknadsandelar fordi få av modellane har innbygd motor, skriv selskapet i kvartalsrapporten for fjerde kvartal. Poenget med motorane er at brukarane slepp å bruke krefter på å lene seg fram og tilbake, og å slå ut fotskammelen der den er innbygd.

Opptur i fjerde kvartal

I fjerde kvartal ser selskapet ei mogleg betring i marknaden.
Ordreinngangen for Ekornes gjekk opp frå 725 millionar krone i fjerde kvartal 2018 til 810 millionar kroner i fjerde kvartal 2019.
Ordrereserven for tilsvarande periodar gjekk opp frå 329 til 375 millionar kroner.

Må få opp salet

Ekornes QM Holding er selskapet som den kinesiske eigaren eig Ekornes-konsernet gjennnom. Reknskapstala er tilnærma like - men ikkje identiske - med tala for det tidlegare børsnoterte Ekornes-konsernet.
Tala Ekornes QM Holding legg fram i dag kjem tre dagar etter at Roger Lunde tok over som toppsjef i Ekornes etter Olav Holst-Dyrnes.
Lunde si hovudoppgåve blir å få opp salet, sa han til NETT NO tidlegare i februar.

Publisert: 27.02.2020 10:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53