20220416 192116
ROSENLUND: Anja Halsebakk opna i helga kysthotellet Rosenlund Hamn på Sandsøya. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Rosenlund-opning: - Mottakinga har vore heilt fantastisk

- Det har vore veldig hektisk, men det gjer ingen ting når folk er så positive.

16.04.2022

- Mottakinga vi har fått har vore heilt fantastisk.

Det seier hotellsjef Anja Halsebakk i Rosenlund Hamn.

100 millionar har familien Halsebakk satsa på Sandsøya i Sande kommune der Sølvtrans-gründer Roger Halsebakk kjem frå.

Han var i strålande humør.

- Fredag var her enormt med folk. Eg stod sjølv ein del i baren, og vi omsette for heile 90.000 kroner. Det må seiast å vere bra.

- Vil skape liv og aktivitet
Laurdag var det også godt med folk, og hamna var full av lystbåtar og seglbåtar.

Roger Halsebakk seier at han ikkje reknar med å få den store fortenesta av satsinga på heimeøya.

- Nei, dette er lange briller, men dette gjer vi fordi vi synst det er kjekt å skape liv og aktivitet her ute.

20220416 191804 001
PÅ HEIMEBANE: 100 milliionar kroner satsar Roger Halsebakk og Ronja Capital på Sandsøya. - Veldig kjekt, seier Halsebakk. Foto: Kjetil Haanes

Satsar på kvalitet
I restauranten vil det etter kvart vere plass til 200 gjestar. Laurdag var det rundt 50 som hadde bestilt bord.

- Vi vil opne gradvis opp for fleire, men vi satsar på kvalitet, og vi treng både fleire servitørar og fleire på kjøkenet før vi kan gi full gass.

- Truleg vil det skje frå mai, seier Anja Halsebakk.

Fleire rom
I kysthotellet er det 14 rom som er klare, og det er planar om å byggje endå ein etasje med hotellrom. I tillegg har ein sju-åtte rom på gamle Rosenlund.

På plass er det også eit stort konferanserom, og det er på plass syklar, kajakkar og anna utstyr som gjester kan leige.

Som ein del av satsinga på Sandsøya er også bygging av sju nye leilegheiter i bustadfeltet på øya.

- Kjempebra satsing, seier Lisabeth Brekke Sylte, betre kjend som artisten Lizz.

20220416 192009
LIZZ: Artisten Lizz klar for opningskonsert. Ho rosar satsinga til Anja Halsebakk. Foto: Kjetil Haanes
20220416 2150440
OPNING: Spektakulært fyrverkeri under opninga av Rosenlund Hamn. Foto: Kjetil Haanes

- Vi treng eit slikt tilbod
Ho kjem frå naboøya Kvamsøya, og underheldt på opningskonserten laurdag.

- Vi treng eit slikt tilbod på øyane her ute, der folk kan møtast og ete god mat.

- Eg har testa kjøkenet, og det var skikkeleg godt det som vart servert derifrå, seier Lizz.

Publisert: 16.04.2022 19:51

Sist oppdatert: 17.04.2022 12:16

Mer om