Mowi slakta 83.000 tonn laks i første kvartal, der 50.500 tonn var slakta i Norge. Dette var litt mindre enn venta.
Driftsresultatet for kvartalet vart på 107 millionar euro, mot 196 millionar euro i første kvartal i fjor.
I ei oppdatering frå selskapet blir det opplyst at operasjonelt driftsresultat per kilo fisk i Norge var på 1,65 euro.
Lavast var det i Skotland med 0,65 euro, og høgast på Færøyane med 2,80 euro per kilo fisk.
Bakgrunnen er covid-19-pandemien, der selskapet opplyser at situasjonen er utfordrande for alle, og Mowi er heller ikkje noko unntak.
Sjølv om Mowi meir eller mindre har klart å oppretthalde produksjonen, vert det vist til at det er auka kostnader på grunn av førebyggjande tiltak som er gjennomførde både internt og eksternt.
Styret viser også til at det er viktig å oppretthalde selskapets sterke finansielle posisjon på grunn av den usikkerheit som covid-19 har bidrege til.
Styret følgjer situasjonen tett vidare, og er også klare, om nødvendig, å iversketje ytterlegare tiltak.
Driftsresultatet for kvartalet vart på 107 millionar euro, mot 196 millionar euro i første kvartal i fjor.
1,65 euro per kilo fisk i Norge
Analytikarane hadde forventa eit resultat på 155 millionar euro.I ei oppdatering frå selskapet blir det opplyst at operasjonelt driftsresultat per kilo fisk i Norge var på 1,65 euro.
Lavast var det i Skotland med 0,65 euro, og høgast på Færøyane med 2,80 euro per kilo fisk.
Auka kostnader
No har Mowi-styret bestemt å utsetje utbytte til andre kvartal.Bakgrunnen er covid-19-pandemien, der selskapet opplyser at situasjonen er utfordrande for alle, og Mowi er heller ikkje noko unntak.
Sjølv om Mowi meir eller mindre har klart å oppretthalde produksjonen, vert det vist til at det er auka kostnader på grunn av førebyggjande tiltak som er gjennomførde både internt og eksternt.
Styret viser også til at det er viktig å oppretthalde selskapets sterke finansielle posisjon på grunn av den usikkerheit som covid-19 har bidrege til.
Styret følgjer situasjonen tett vidare, og er også klare, om nødvendig, å iversketje ytterlegare tiltak.
Publisert: 20.04.2020 08:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56